Kulturminnedagen - Kulturarv i framtida

Tidspunkt: 
Lørdag, 14. september 2019 - 11:00
Sted: 
Rosendal samfunnshus

14.

sep

I samarbeid med Kvinnherad kommune inviterar vi til markeringa av Kulturminnedagen i Rosendal samfunnshus frå klokka 11-14. Fokus på kulturminnedagen er mat- og handverkstradisjon.

Ingrid Lamark (Norges Bygdekvinnelag) skal snakka om tradisjonsmat som kulturarv, og Grethe Brundtland vil snakka om folkedrakt og identitet. Det vert demonstrasjon av veving av kvarving, bregding av sokkeband, sying av kvitsaum og blåhua til kvinnheradsbunaden. Dersom det er interesse for det, kan det bli kurs.

Ein viser korleis ein steiker mjølkekaker. Samstundes vert det sal av mjølekakene og ein kan også kjøpa heimelaga rømmegraut.

Bli medlem