Øksnevad vgs

Besøk på Øksevad vgs med gardsutsal

15. mai burde vera ein grei dag for innkjøp av blomar til 17. mai, men det vart berre fire bygdekvinner og ei bygdejente som tok turen til Øksnevad vgs sitt gardsutsal med omvising på skulen etterpå.

Gardsbutikken er ny av året, og i tillegg til sesongblomar sel dei mellom anna urter, tomatplanter, egg og poteter, keramikk, stearinlys, såper og nøkkelringar og meir laga av elevbedrifter på skulen.

Litt seine med besøket var me, sjølv om me berre var i midten av mai, så det var nokre sortar som var utselde, men det var nok fine og kraftige planter til at me fekk dekka behovet vårt.

Etterpå viste rektor Rune Haaland oss rundt både innandørs og utandørs og fortalde om skulen. Dei tilbyr naturbruk og anleggsfag, og etter to år på yrkesfag kan ein gå ut i lære eller ta generell studiekompetanse på eitt år (vg3 Naturbruk). Me var m.a. i fjoset og kikka ned på kyrne, besøkte hestane og såg på dei som trente i ridehallen. Tusen takk til Nora i gardsutsalet og rektor Rune for stor velvilje og service!

Bli medlem