Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Peparkakebygd
Peparkakebygd
Peparkakebygd

Peparkakebygdene 2025

Tar du utfordringa?

Det blir peparkakebygd i år òg, og denne gongen kan du levera bidraget på Sinnes filial eller Sirdal folkebibliotek frå 10. november. Siste dag for innlevering er 15. desember.

Her er det lov med alt frå ein støl til hus til tårn til kyrke til slott! Eller var det bil, traktor eller løypemaskin?Berre fantasi og arbeidslyst set grenser for kva som passar og trengs i peparkakebygda. Arbeidsplassar, vennelag eller privatpersonar blir med dette utfordra!

Første gong var i 2014, men me gløymde jubileet i fjor, så her må me berre fortsetja. 

Trekking av premiar vert 18. desember på

- juletrefesten på Sinnes skule og

- Sirdal folkebibliotek kl. 18.00