Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

Blomeauksjon i Peraløo 26. april 2024

Bygdekvinner samla seg til blomeauksjon i Peraløo. Her var det noko grønt for både dei med grøne fingrar, og dei med ikkje fullt så grøne fingrar. Både inne- og uteplanter, noko for smakssansane og mykje for auga å kvila på.
Før auksjonen verkeleg sette igang, fekk me smaka på nydeleg mat frå Syria og Ukraina.

Me var ein herlig gjeng som samla seg i Peraløo denne kvelden. Mange var spente på dei mange små pottene med både det eine og det andre av grøne planter. Nokon store, nokon små. 
Marie og LilliAnn var vertinner, og leste ord for dagen. Anne Marie gav oss informasjon om turen som skal vera i august - denne kan me verkeleg gle oss til.
Svanhild las referat frå sist møte. 
Over kaffikoppen, fekk me servert tre ulike små rettar frå tre damer me inviterte. To damer frå Syria og ei frå Ukraina. Det var spanande smakar av både søtt og salt. Tusen takk for at de ville vera med oss, me gler oss til me kan dela meir matkunnskap med dykk!
Og så det me alle var der for; blomeauksjon!
Elin var stødig auksjonarius, medan Gerd heldt orden på alle boda som rulla inn. Mange damer gjekk heim med nye planter til hagen eller vindusposten, eller ei tomatplante til drivhuset. Spanande korleis det gror i dei mange heimar no framover.
Tusen takk for alle som var med på å gjera dette til ein innhaldsrik kveld!
Det er ei fryd å vera saman med slike flotte damer.

Me sjåast!