Hopp til hovedinnhold

Om Nøysom

Nøysom er eit to-åring prosjekt i Norges Bygdekvinnelag som er støtta av Sparebankstiftelsen DNB. Prosjektet skal inspirere folk til ein meir miljøvenleg og berekraftig kvardag.

Med prosjektet Nøysom vil vi ta med oss kunnskapen våre formødre hadde kring sjølvberging og det å nytte ressursane best mogeleg. Ikkje berre med mat, men også i også andre delar av hushaldninga. Kunnskap om råvarer, produksjon, materialer aukar medvitet på verdien av det vi har, og vil inspirere til gjenbruk og mindre konsum. 

Bygdekvinnelaga inviterer til møteplassar
Mange vil bidra til mindre forbruk, reparere sjølv og minske matsvinnet, men treng eit lite dytt for å komme i gang. Norges Bygdekvinnelag ønskjer å møte interessa for kunnskap som kan bidra til ein meir berekraftig kvardag, og vise at praktiske kurs gjev gode opplevingar, meistring og fellesskap i lokalsamfunnet. For å få til dette vil lokale bygdekvinnelag invitere til praktiske kurs om matsvinn, dyrk sjølv, miljøvenleg og kjemikaliefri heim og reparasjon og fiksing. 

Norges Bygdekvinnelag er ein inkluderande organisasjon som ønskjer å skape gode møteplassar for alle. Våre aktivitetar i Nøysom skal vere inkluderande. For å få til dette må ein gjerne legge ned ein ekstra innsats for å få med nye i bygda, både minioritetsfamilliar og andre. 

Immateriell kulturarv 

Målet er å auke kunnskapen om berekraftige val i kvardagen:

  • Gje praktisk kunnskap om hushaldninga som bidreg til mindre forbruk, mindre belastning på miljøet og betre økonomi.
  • Å auke kunnskapen om matlaging og bruk av lokale råvarer, dyrking til eige bruk, sanking, oppbevaring og lagring av mat.
  • Redusere matsvinn.
  • Påverke til meir gjenbruk og reparering.
  • Skape ein møteplass for barn, unge og vaksne som bidreg til meistring og fellesskap.
  • Auke interessa for tradisjonelt handverk som ein del av løysinga i framtida.

Søknadsskjema for å delta i Nøysom!