Hopp til hovedinnhold
Avtroppende leiar Torunn Hovde Kaasa, Irene K. Furulund frå sentralstyret i NBK og påtroppende leiar Ellen Margrethe Garn

Avtroppende leiar Torunn Hovde Kaasa, Irene K. Furulund frå sentralstyret i NBK og påtroppende leiar Ellen Margrethe Garn

Årsmøte i Telemark Bygdekvinnelag

Telemark Bygdekvinnelag hadde årsmøte i Nissedal laurdag 9. April.

I overkant av 40 bygdekvinner møttes til årsmøte på Kyrkjebygda oppvekstsenter i Nissedal. Det var 35 stemmeberettigede utsendinger frå 15 ulike lag, i tillegg til fylkesstyre,  valnemd, utsending frå Telemark bondelag og fleire gjester. Frå sentralstyret i NBK hadde vi besøk av Irene Furulund. 

Leiaren i Nissedal bygdekvinnelag Ellen Nordbø ynskte velkomen før nissedøl, lokalhistorikar og lærar Harald Valle fortalte om Nissedal si historie. 

Årsmøte blei gjennomført etter planen, vi fekk servert nydelig mat og kaker før toradergruppa i Nissedal undeheldt oss med drivande spel til stor applaus.

Valnemda hadde gjort ein god jobb og hadde forslag til nytt styre klart. Valnemda sitt framlegg vart valg og det nye styret er saman sett slik:

Leiar Ellen Margrethe Garn, Fyresdal, nestleiar Anne Grethe Hegnastykket, Bø, nye styremedlemmer Else Lindgren, Gjerpen og Reidun Våle,  Vinje. Ikkje på val Gro Windsvoll, Holla og Eva Greivstad, Fyresdal.

Irene Furulund orienterte om  aktuelle saker frå NBK, nyttig og interessant informasjon.

Torunn Hovde Kaasa vart takka for innsatsen som leiar for laget i to år, ho fekk eit flott sitteunderlag av pelssau med flotte  symbolske trykk frå Telemark. 

Vi hadde utloddning under møtet, og mange deltakarar fekk med seg flotte gevinstar heim.