Hopp til hovedinnhold
Det nye styret for 2016

Styret i BBK

BBK Årsmøte i Hallingdal

Årsmøte på Geilo 1. og 2.april 2016

Deltakarane kom til Geilo fredag 1. april om ettermiddagen. Det smakte godt med ein varm kaffikopp og flotte rundstykke. Feiande flott toradermusikk ønska oss velkommen inn i møtesalen. Direktøren på Bardøla ønska oss velkommen til hotellet og hadde praktiske opplysningar. Sonerepresentanten ønskte velkommen. Ordføraren i Hol kommune helste oss velkommen til Hol kommune og Hallingdal.

Miniseminaret var svært vellykka. Torill B. Seeberg kursa oss i oppgåver og roller som tillitsvalgt.

Årsmøtemiddagen var ein flott buffet med masse herleg og velsmakande mat. Under middagen hadde vi litt underhaldning. Turistsjef Pål orienterte oss litt om arbeidet i kommunen krydra med artige historier. Fanitullen vart deklamert av Børre og spelt på fele av Jon. Jorunn avslutta underhaldningsbolken med vakker song, kveding. Etter middagen var det kaffi og stort kakebord.

Årsmøtet laurdag gjekk greit. Den store spenninga dreide seg om valet. Ingen leiar var klar då valet starta, heller ikkje sonerepresentant frå sone F.           Men sporty Sølvi stiller no som leiar,  Mette  frå sone F rykka opp i styret frå 1.vara. HURRA for positive menneske!. No er vi eit styre på sju!

På biletet frå venstre framme. Else Hval (sone D), Sølvi Jødal (leiar) og Inger Margrethe Medhus (sone A)                                                                                       Rekke 2 frå venstre: Mette Rustad (sone F), Frøydis Løkensgard (sone E), Reidun Røisli (sone C) og Kristin Baalerud (sone B)                                                         Dei 3 som gjekk ut av styret : biletet frå venstre: Trine Slottfeldt, Hanne Strøm og Åse Bjøråsen.

Tusen takk til alle som kom på årsmøtet og ein STOR takk til alle som hjelpte til med praktisk gjennomføring av eit godt og vellykka årsmøte. imm