Hopp til hovedinnhold
Kjenner du ei grepa dame som fortenar Bygdekvinneprisen? Illustrasjonsbildet er av dei to blide damene t.v. Grethe Skar og t.h. Solbjørg Sandmo. Bildet er tatt under filmproduksjon i Leirskardalen i samband med Tradisjonsmatskolen. Foto: norsktradisjonsmat/Jon Marius Nilsson.

Kjenner du ei som fortenar Bygdekvinneprisen? Illustrasjonsbildet er av dei to blide damene t.v. Grethe Skar og t.h. Solbjørg Sandmo. Bildet er tatt under filmproduksjon i Leirskardalen i samband med Tradisjonsmatskolen. Foto: Jon Marius Nilsson.

Bygdekvinneprisen

Kjenner du ei dame som gjer ein ekstra innsats for bygda si? Norges Bygdekvinnelag søkjer kandidatar til Bygdekvinneprisen "Kjerringa mot strømmen". Send inn forslag innan 15. april 2020!

Bygdekvinneprisen er ein pris på 40 000,- kroner som kan nyttast til alt frå arbeid for kulturlivet og sosiale møtestader i bygda til tiltak som bidreg til nye arbeidsplassar.

- Bygdekvinneprisen "Kjerringa mot strømmen" skal anerkjenne, synleggjere og støtte kvinner som gjer ein ekstra innsats for aktive bygdemiljø og levande bygder, seier nestleiar i Norges Bygdekvinnelag Liv Grøtte.

Utdeling av Bygdekvinneprisen 2020 vert under Norges Bygdekvinnelag sitt landsmøte i Bergen 5.-6. juni 2020.


Karoline Sunde Storflor var den glade vinnar av Bygdekvinneprisen i 2019. Hennar arbeid for å skape sin eigen arbeidsplass på garden med direktesal av melk, opne arrangement og
sosiale møteplassar imponerte både utdelarane Anita Krohn traaseth, Ellen Krageberg og deltakarane på inspirasjonsseminaret. Foto: Bygdekvinnelaget/Helle Berger.

Send inn forslag
Norges Bygdekvinnelag ser etter nokon som  gjer ein ekstra innsats for å få ei levande bygd. Kanskje er du sjølv ein verdig kandidat. Det er òg lov å sende inn forslag på seg sjølv. Send forslag på kandidatar du meiner fortener ein slik pris til Norges Bygdekvinnelag på e-post til post@bygdekvinnelaget.no eller i posten til Norges Bygdekvinnelag, PB. 9358 Grønland, 0135 Oslo.

Norges Bygdekvinnelag oppfordrar alle til å nominere kvinnelege kandidatar til Bygdekvinneprisen. Frist 15. april 2020!

Har du spørsmål kan du  ta kontakt med Norges Bygdekvinnelag på telefon 220 54 815 eller e-post post@bygdekvinnelaget.no.

 

 

Bygdekvinneprisen er ein pris på 40 000,- kroner som kan nyttast til alt frå arbeid for kulturlivet og sosiale møtestader i bygda til tiltak som bidreg til nye arbeidsplassar.

Bygdekvinneprisen sitt formål
Å annerkjenne, synleggjere og støtte kvinner som gjer ein ekstra innsats for aktive bygdemiljø og levande bygder. 

Prisen ytast for ekstra innsats på den sosiale arenaen i bygda, i kulturlivet, og/eller for tiltak som bidreg til eigen eller andre sin arbeidsplass i bygda, samtidig som innsatsen utgjer ein positiv forskjell for bygda og lokalsamfunnet. 

Forslaget må innehalde:

  • navn og kontaktinformasjon
  • ei omtale av personen og det konkrete tiltaket og/eller innsatsen