Hopp til hovedinnhold
Grethe Brundtland

Grethe Brundtland

Det er dei små tinga som gler oss

Det er dei små tinga i kvardagen som gler oss, slo Grethe Brundtland fast då ho innleidde om livsglede, livsmeistring og livskvalitet for lokallaga til Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag.

I samfunnet opplever ein stort fokus på å ha suksess og å vere vellukka.

- Det blir skapt forventningar om at vi til ei kvar tid skal gå rundt og vere "overlykkelege", seier Grethe Brundtland.

Ho er styremedlem i Norges Bygdekvinnelag, og under organisasjonskurs for Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag innleidde ho om temaet livsglede, livskvalitet og livsmeistring.

Kva krisa fører til for den einskilde, kjem an på kva nettverk ein har og kven som stiller opp for deg

- Vi  veit godt  at det ikkje er slik at vi kan gå rundt og vere lukkelege heile tida. Vi vil alle oppleve både store og små kriser i livet. Men kva krisa fører til for den einskilde, kjem an på kva nettverk ein har og kven som stiller opp for deg, seier Brundtland.

- Alle treng å kjenne tilhøyrigheit og fellesskap, og vi har eit ansvar sjølv for å skaffe oss nettopp det. Ting vert ikkje alltid slik som vi har tenkt oss. Og i mange tilfelle gjer det kanskje ikkje noko heller. Kanskje vi i mange tilfelle burde minne oss sjølv på at "det gjer ingenting", når det kjennest som vi ikkje strekk heilt til?

Brundtland minner også om at det er dei små tinga i kvardagen som verkeleg gler oss.