Hopp til hovedinnhold

Buskerud Bygdekvinnelag

Inspirasjons seminar på Lillehammer


Inspirasjons seminar på Lillehammer.

Vi var samla godt over 200 bygdekvinner frå HEILE landet på Radisson Blue på Lillehammer. For ein jentegjeng og for eit hotell og for ein inspirasjon!

Vi vart ønskt velkommen av Marna Ramsøy fredag ettermiddag. Cecilie Aurbakk leia oss GODT gjennom seminardagane.

Det var utruleg mange og gode innlegg og foredrag. Det er viktig at kvinner engasjerer seg og tek ansvar for samfunnsutviklinga.

Anne Beate Tvinnerheim (nestleiar i Senterpartiet) snakka om «Kvinner, demokrati og makt" i eit globalt perspektiv. Ellen Krageberg fortalde oss om sitt møte med Mosambik, om Bygdekvinnelaget sitt prosjekt der. Det minte meg veldig om prosjektet NBK hadde i Senegal for få år tilbake der eg var så heldig å få vere med å sjå kva kvinner KAN og VIL, og får det til!

Flyktningkrisa kunne vi ikkje koma utanom. Her var det foredrag av både forskningsprofessor Morten Bøås og flyktningkonsulent Torunn Hovde Kaasa.

«Bygda i bevegelse». Anna Villa og Irene Furulund kan inspirere!

Høgdepunkt før lunch laurdag: Cecilie Grønli fekk årets kvinnestipend for sitt arbeid med Solhaug i Fredrikstad. GRATULERER!

GMO: Forbrukermakt og internasjonal solidaritet v/ Aina Bartmann. Interessant.

Sigrid Henjum – FriluftsLIV. Du verda for eit LIV! Friluft og ekstremLIV. Vi er berre imponerte!

Med denne «Trappa» kan vi inspirere kvarandre til å få til ting vi trudde vi ikkje kunne klare!                  I won’t do it!  I can’t do it! I want to do it! How do I do it?  I’ll try to do it!   I can do it!   I did it!       ….som Sigrid jubla det ut!

Så kom seminarets høgdepunkt igjen! KURS. Eg var så heldig å få vere med Sigrid Henjum på «Bålmatkurs».   Vi vart sååå mette og sååå inspirerte! Eg gler meg til boka hennar kjem ut i neste veke!    #Utogeteboka.

Apretif (eple og bringebær most frå Lier) og konsert før festmiddag. Queendom gav oss flotte toner.

Avslutninga på seminaret sundag imponerte uss! Line Tvete fortalde og synte bilete frå sykkelturen: Frå Venabygd til India. Ho var på tur i 3 år!

Hurra for alle flotte bygdekvinner som VIL, TØR og KAN! Og får det til!

Helsing Inger Margrethe på "Buskerudbenken"

Dersom nokon frå Buskerud vil leggja noko ut på heimesida før "alt fell på plass" med heimesida, kan de sende meg ein tekst og eit bilete. Eg tek jobben med å få lagt det ut.  imargrethe@medhus.info