Blodkudler på Strandamessa
Bygdekvinnelaga Egdetveit og Vinje, Oppheim og Hauge lagar blodkudler og mykje anna til Strandamessa.
Det er mange i sving og mykje tradisjonskost som skal lagast til Strandamessa på Vossestrand, mellom anna supandesoppa, blodpannekaker og blodkudler. Dei held på i tre dagar for å laga nok. Dette likar vossingane, så alt vert selt.
På eit av bileta ser me at leiaren i distriktslaget, Liv Kolskår, tok turen til Vinje for å vera med og laga blodkudler.