Hopp til hovedinnhold

Hordaland Bygdekvinnelag

BYGDEKVINNESTREIF 2021


AGA 11. SEPTEMBER 2021

Bygdekvinnestreif på Aga laurdag 11.sept 2021

Det var rundt 30 bygdekvinner frå 9 bygdekvinnelag i Hordaland som møtte opp på Aga tunet. Der vart me delt i 2 grupper og fekk ei interessant omvisning i dette spesielle klyngetunet og inne i lagmannstova der lagmann, ridder og riksråd Sigurd Brynjolfsson bodde på 12 hundra talet.  Mykje spennande historie og flotte omgjevnader.  Der fristar det å koma igjen på ein fin sommarsdag.

Frå Aga tunet spaserte me bort til Aga sideri der siderbonden Joar Aga gav oss smakspøve av nypressa eplesaft som no vert gjort om til sider. Han fortalde oss om sitt arbeid som ganske ny i faget der han starta med å investera i ei diger saftpresse som har mykje større kapasitet enn nokon har bruk for, men den vert no brukt av mange andre enn ham for det er berre kort tid kvart år at den trengs.  Han har auka si produksjon frå 10 tusen liter det første året og opp i 100 tusen liter i fjor og er alltid utseld tidlegare enn planlagt.  Han har fått priser for sin sider og fått nokon av sortane sine inn på polet. Ei livleg og spennande forteljing var det.  Og til slutt fekk me høve til å handla kvar sin siderflaske som han hadde gøymt vekk berre for oss.

Då var me svoltne og turen gjekk til Nå der vertskapet på Siderhuset OlaK venta på oss nede ved bryggja.  Der fekk me også forteljing om deira verksemd og soga til huset som har vert i same familien i generasjonar, men det er første gong det er restaurant der. Dei har gjort god jobb med huset og maten var særdeles god.  Me fekk fiskesuppa med store fiskestykker i og blåskjell. Til dessert var det bringebærpai med krem. Alle lot vel og skrytte av maten.

Åresalg med mange gevinster laga litt liv og røre. Halvparten av inntekta skal gå til prosjektet til Bygdekvinnelaget i Guatemala. 

Åsa leiar i Hordaland Bygdekvinnelag fortalde litt om kva Hordaland Bygdekvinnelag har å jobba med for tida og Grethe Brundtland fortalde om kva dei jobbar med sentralt i Norges Bygdekvinnelag.

Ein begivenhetsrik dag var det og det var veldig kjekt at me fekk endeleg treffast på streif i Aga på tredje forsøk sida i fjor.  Takk til alle deltakarane som var med å gjorde dagen så fin.

Helsing styret i Hordaland Bygdekvinnelag

 

Referat : Àsa Gunnarsdottir