Hopp til hovedinnhold

Hordaland Bygdekvinnelag

Lokalprodusert mat og drikke på årsmøtet til Hordaland Bygdekvinnelag. Foto: Bjørg Strømme.

Resolusjon - Styrk matproduksjon!!


Eit stadig aukande folketal i Norge gjer at vi må auke matproduksjon, ikkje senke den. Då må vi ta vare på all jorda vi har for å produsera mat på. Hordaland Bygdekvinnelag meiner at alt for mykje matjord vert bygd ned. I Hordaland fylke har det frå 2007 til 2015 blitt 4387 daa mindre produktivt areal. Det har vi absolutt ikkje råd til.

Den norske forbrukaren set pris på mat produsert i Norge. Våre 13500 medlemmar i Norges Bygdekvinnelag ber om at De tar ansvar for å ta vare på den store verdien som eit produktivt jordbruksareal er. Denne verdien kan ikkje målast i pengar på same måten som ei utbyggings raske økonomiske gevinst, men det kan målast i evna til sjølvforsyning for framtidas generasjonar.

Storsamfunnet må stå opp for denne verdien som er verd så mykje –mykje meir enn dagens økonomiske gevinst.

Vi vil ha mat produsert på norsk jord der det er mogleg og vi vil ha meir av den. Vår evne til sjølvforsyning av mat frå jordbruket i Norge er under press. Statistikk viser at over 1 million daa dyrka og dyrkbar jord er omdisponert i Norge dei siste 50 åra. Berre i perioden 2005 til 2011 vart det omdisponert over 50000 daa dyrka jord til andre føremål enn landbruk.

Matjorda vert bygd ned i ei takt som ikkje er berekraftig for framtida. Infrastruktur, handel, næring og bustad vert plassert for lett på flate jorder men kan like godt plasserast på steingrunn ,ikkje dyrkbare skråningar eller i skogsområder.

Styresmaktene  tar ikkje forvaltararbeidet alvorleg nok. Ei meir sentral styring er naudsynt for å handheva jordvernet.

Hordaland bygdekvinnelag krev at politikarane i Hordaland arbeider hardare for å ta vare på matjorda.

Me ynskjer oss ei nullvisjon for nedbygging av matjord.

 

Fitjar 3.april 2017

Helsing Hordaland Bygdekvinnelag

Bjørg Strømme, leiar