Hopp til hovedinnhold

Rogaland Bygdekvinnelag

Sommarhelsing frå Rogaland Bygdekvinnelag


Nå er det sommar nok ein gong, og forhåpentleg vil det verte ein betre sommar enn det var i fjor. Håp om å kunna vere saman. Håp om å kunna flytta litt på seg. Om enn med litt restriksjonar.

Ta ein god kvil frå arbeidet som er gjort.

Og jammen er det mykje godt arbeid som har vorte gjennomført. Mange typar aktiviteter har blitt gjort, på trass av pandemien. Bra jobba, alle bygdekvinnelag i Rogaland.

Og så håpar me i styret at alle saman er med på ny frisk til hausten.

Medlemsutvikling

Over heile landet har det vore nedgong i medlemstalet dette året, og likedan i Rogaland. Nokre er meldt ut av naturlege årsaker, men svært mange veit ein ikkje grunnen til. Pandemien? Kvifor skal det vere ein grunn? Mange vil seie det er viktigare enn nokon gong å ha noko å forhalda seg til, og å ha noko å sjå fram til.

For å snu dette til ein positiv trend, vil me i Rogaland Bygdekvinnelag starta ein vervekonkurranse til hausten. Me kjem med meir informasjon den 31.august. Då vil me og laga til ei digital samling, med litt foredrag, og forhåpentleg få til ein god drøs.

Vervekampanje finns i byrjinga på året, veke 5,6 og 7. Eller me kan så klart verva heile året. Derfor har me i RBK lyst å utfordre dykk: ALLE VERVER EIN!

Kanskje kan de ha med dykk dette som ei sommaroppgave? For om nokon vil melde seg inn frå hausten av, er jo dei tre siste månadane i året gratis.

Under «Verving» på https://bygdekvinnelaget.no kan de finna vervebrosjyrer og liknande.

Ny logo

Som de veit har Norges Bygdekvinnelag lansert ny logo. Me i styret syns det var spanande med ny, flott logo. Den har fin symbolikk og fine fargar. NBK har tenkt på det meste; Hovudlogo, brevmal, presentasjonsmal, E-postsignatur, piktogrammer, logoer til distriktslag, og ikkje minst til kvart lokallag. Husk å ta denne i bruk. For å verte meir kjend med både logo og anna materiell som kan brukast, kan de sjå her:

https://bygdekvinnelaget.no/norges-bygdekvinnelag-i-ny-drakt-0

For å finne logo å laste ned, gjer de det under «Dokumenter» og «Logoer og visuell profil» her: https://bygdekvinnelaget.no

Val til hausten

Valpakken blei delt ut i april til samtlege lokallag. Me håpar på engasjement, og at de kan bruka dette aktivt. Å synleggjere seg er viktig for rekruteringa. Finn gjerne på aktiviteter og knyt det til Bygdekvinnelagsveka 20.-30. august.

Har de ikkje fått valpakken? De finn den her: https://bygdekvinnelaget.no/sites/bygdekvinnelaget/files/bygdekvinnelage...

Norges Bygdekvinnelag har og sendt ut fleire lesarinnlegg som de som lokallag kan nytta, eller de kan laga eigne lesarinnlegg. Om de nyttar lesarinnlegga til NBK, kan de gjerne gå saman med dei ikringliggjande laga, berre slik at ei avis ikkje får same lesarinnlegget fleire gonger.

Lokallagsamling

Hausten som kjem skal me faktisk skipa til to samlingar. Ei digital og ei fysisk. For nå har me trua på at pandemien kjem til å roa seg. I skrivande stund pågår det ei lita bølgje i Rogaland, men det er lenge til november, trur me. Og me gledar oss veldig til å få i gong ei lokallagsamling! Datoen kan de setje av;19.-20. november. Me vil bl. anna markera 75-årsjubileet til Rogaland Bygdekvinnelag. De skal få meir info om dette og etterkvart.

Sommarferie

Som det står i byrjinga, så er det sommar, og med det som måtte høyra til. Regn, sol, bading, reising, avslapping, treffa familie og venner, osb. Ta ein pust i bakken. Det har de alle fortjent. Og etterkvart som fleire og fleire får tekje desse sprøytene, så er det vel mogleg å håpa på betre tider. Då kan me slappa endå meir av!

Imens får de ta vare på dykk sjølv, og kvarandre. Gjer noko godt ut av sommaren.

Og så snakkast me til hausten. GOD SOMMAR!

Med beste helsing alle i styret:

Marianne Jøsang

Solveig Marie Ådneram

Gro Mabel Anda

Inga Lill Håkull

Margrete Tytlandsvik

Else Heskestad