KVINNESTREIF 2025
Her får du lære om utviklinga av kvinnelege arbeidsplassar i Oppstryn. Ruth Guddal starta med strikking og sying - no er det ei matbedrift med 11 årsverk. Dotra Oddrun Guddal Sanchez og barnebarnet Frank Guddal Sanchez er drivarar. Frank er utdanna kokk. Dei har også kafé i Stryn sentrum.
Jostedalsbreen Nasjonalparksenter og Matstova i Oppstryn
Vi var 37 deltakarar frå 8 lokallag. Veret var strålande fint (skodda hadde letta) når vi møttest ved senteret klokka 12. Det kosta 125 kr å kome inn, vi betalte kvar for oss. Først samla vi oss i kinosalen. Der Wenche Nesje, som er dagleg leiar av JNPS, orienterte om senteret, fortalde litt om filmen vi skulle sjå, og om uveret Jakob som gjorde stor skade i 2024; mellom anna, sa ho, var dette rommet «eit svømmebasseng» og stolar og alt utstyr var nytt. Vi såg filmen, som er delar av Margreth Olin sin film «Fedrelandet». Så leia Wenche oss vidare, først til eit rom der vi ved hjelp av lyd og effektar fekk «oppleve» eit stort snøskred. Etterpå gjekk vi ut i hagen, der vi lærte om dei ulike planteartane og om den geologiske parken med steinutstillinga. Så gjekk flokken «på sjølstyr» ei stund, såg på resten av utstillingane og butikken.
Matstova ligg like ved JNPS, så omlag klokka 13.30 sette vi oss til bords der. Måltidet kosta 400 kr, ein betalte etter kvart ein gjekk inn. Bjørg Ladehaug ønskte velkomen, og så fekk vi servert nydeleg mat: gryterett, potetmos, grøn salat loff og smør. Etter måltidet hadde Margaret Skåre, supplert av Rut Guddal, ein gjennomgang av historia til Matstova, som først heitte Strynefjell draktverkstad. Her vart det strikka og sydd – ein del av kleda hadde vi stilt ut i rommet. Vi viste og bilde av produkta på skjerm, men pga. lysforholda var det litt vanskeleg å sjå. Først var det strikka og sydd i heimane, så vart det første huset bygd, Rut Guddal var dagleg leiar. Sidan har det vore ombygd og påbygd. Mange fine gensermønster såg dagens lys her. Så vart det drakter som blant anna var brukt av leikarringen i Oppstryn. Etter kvart vart det meir forretningsmessig drift, og fleire kvinnearbeidsplassar, noko som var tanken å få til. Det var heile tida ei viss kafédrift på draktverkstaden. Etter kvart vart det meir mat, og mindre tekstil, til slutt berre mat. No driv Oddrun Guddal og Frank Guddal (dotter og dotterson til Rut) Matstova i Oppstryn. Dei har og kafé i Stryn. Frank Er utdanna kokk. Dei har no 11 årsverk. Til slutt hadde vi ein allsong, ein song som var laga av det første styret og handla om Strynefjell draktverkstad. Etter programmet var det kaffi og kake (Bløtkake, Verdens beste, Fyrstekake). Folk kosa seg, nokre gjekk ut i sola og tok kaffien der. Avslutning og heimreise om lag klokka 16.
Referat ved Bjørg Ladehaug
Alle foto ved Alvhild Tenden