Bod under Trøndersk matfestival
Barn/unge får kjevle ut, sjå på steiking og eta si eiga potetkake med smør og sukker.
Medlem i dei ulike lokallaga kjem for å hjelpe til i bakeprosessen. Ca 30 hjelparar trengs og fleire må gjerne stikke innom! Den som tar ei vakt på 3 timar, får også ein matbong/eit gratis måltid frå utstillarar. Mange ivrige og spente små ventar på sin tur og den gode smaken av eige produkt! Festleg å delta på. Artig å lære bort tradisjon til nye generasjonar.
Sør Trøndelag bygdekvinnelag tar også imot innmeldingar i laget! Ikkje alle kommunar har lokallag. Det er vervepremie - ei takke- for den som vervar flest nye denne hausten. Bli med du også! Om du betaler for neste års medlemsskap, får du hausten gratis. Sjekk nettsida bygdekvinnelaget.no!