Bygdastreif
Øvre Meldal bygdekvinnelag arrangerte bygdastreif saman med Sør Trøndelag bygdekvinnelag. 20 deltakarar fekk oppleve treffet i Orkla gjestebolig, vakre omgjevnader og god mat.
Vår "fadder" i NBK, Signe Opdal frå Stryn fortalte om beredskapsatsinga i NBK i Totalberedskapsåret med fokus på eigenberedskap i veke 44, og om komande kurssatsing frå nyttår på mangfald og inkludering. Forsamlinga fekk ei praktisk øving i kva vi bør ha i nødlageret vårt etter mal frå DSB- direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.
Inspirerande å høre frå lokallaga som var tilstades!
Før vi gjekk frå kvarandre fekk vi høra Olga Irmina Ucinska, tolk frå Polen, som har budd 17 år på Løkken. Ho imponerte både med kav trønderdialekt og friske innspel på temaet mangfald og inkludering med bakgrunn i eiga røynsle.
Omlag alle representerte lokallag -7- fekk med seg heim bokkasse med 10 bøker av "Det smaker av tradisjon" som nok får bein å gå på når julegåver skal planleggast eller nye medlem vervast!
Mange hadde med seg nykjøpt garn og oppskrifter frå garnbutikken Fortuna (navn etter ei gruve) som var turmål denne dagen. Der lærte vi om arbeidet til skeidersken (sorterte malm i helseskadeleg miljø til låg betaling..) som det er statue av på Løkken Verk. Vakre sjal etter gamle oppskrifter frå gruvesamfunnet var presentert i butikken.