Hopp til hovedinnhold
Eit sunt skulemåltid er ei god investering i barna våre si framtid.

Gratis skulemåltid til alle

Til hausten er det Stortingsval. Norges Bygdekvinnelag meiner eit gratis skulemåltid til alle vil vere eit løft for folkehelsa, sosial utjamning, skulemiljø og gode matvanar.

I dag er det kvar du bur og kva skule du går på som avgjer om du får eit måltid i løpet av skuledagen eller ikkje. Bygdekvinnelaget meiner dette er urettferdig. Det er på tide at de offentlege tek meir ansvar slik at alle barn og unge i Noreg får eit gratis måltid kvar dag. 

- Barna våre har lange skuledagar. For å lære og ha det godt i lag på skulen må barn og unge få eit næringsrikt måltid. Det er på skulen vi kan nå ut til alle barn, og gjere ein forskjell i deira kvardag, seier Inger Amb, styremedlem i Norges Bygdekvinnelag. Ho fortel at mange bygdekvinnelag over heile landet har engasjert seg for skulemat i flere år.

God næring gjev god læring
Over halvparten av lærarane i grunnskolen opplever anten dagleg eller fleire gongar i veka at elevar er ukonsentrerte fordi dei ikkje har ete nok i løpet av skuledagen. Berre ein av fem tilsette på skulen oppgjev at barna alltid har med seg matpakke i sekken.

Dei skulane som har skulemåltid meiner det har god effekt. Lærarane løftar fram ro og konsentrasjon i klasserommet og betre læringsmiljø. Elevane er opptekne  av at det sosiale samhaldet rundt måltidet.

Kvifor skal måltidet vere gratis?
I dag varierer mattilbudet i skulane fra ingenting til gratis, varm mat kvar dag. Gratis frukost eller gratis frukt – av og til eller kvar dag – har kome inn som eit tiltak i ein del kommunar. Ein spleis med foreldra, oftest som ei abonnementsordning, vert òg prøvd ut på mange skular. Ulempa er at eigenandelar kan setje dei med dårlegast råd utanfor. Då når ein ikkje dei som treng det mest.

I dag aukar dei sosiale forskjellane i helse i Noreg. Bygdekvinnelaget meiner samfunnet må ta ansvar på offentlege arenaer som skulen, så må foreldre ta ansvaret i heimen.

Forsking syner at eit gratis skulemåltid til alle kan vere med å jamne ut dei sosiale forskjellane. 

- Denne saka er så viktig at det ikkje kan overlatast til kvar enkelt kommune, seier Amb. 

Alt du treng å vite om skulemat
Norges Bygdekvinnelag har nyleg sendt ut ei valpakke til alle lokallag og distriktslag med dei fire saker Bygdekvinnelag skal setje søkelyset på fram mot Stortingsvalet i 2021. Ei av sakene er skulemat. I Valkamppakka finn du bakgrunnsstoff, fakta og tips til korleis ein kan engasjere seg for å setje eit gratis skulemåltid for alle på agendaen.

Sjekk ut valpakka her! Klipp og lim det du vil bruke om skulemat! 

Korleis kan vi påverke politikarane?
Om alle bygdekvinnelaga rundt om kring i landet gjer litt kan vi saman påverke politikarane til å vedta saker som er viktige for oss. Kva med å dele våre saker på lokalet sine Facebook-sider, sende inn lesarinnlegget og kanskje stille spørsmål til kva politikarane i eigen region meiner om skulemat. 

Norges Bygdekvinnelag er ein partipolitsk nøytral organisasjon.Vi er engasjerte i saker som er bra for gode liv i levande bygder. Eit skulemåltid for alle er med på å gje alle born eit godt utgangspunkt for å lære, eit godt skulemiljø og gode matvanar som fremjar god helse. 

Norges Bygdekvinnelag sitt styre har valt ut fire saker vi vil løfte fram mot Stortingsvalet 2021. 

  • Jordvern
  • Skulemat
  • Frivilligheita sin betyding
  • Høghastighetsbreiband til alle

I Norges Bygdekvinnelags politiske plattform står det: «Det må innføres et gratis skolemåltid som et forebyggende helsetiltak, og fordi dette vil øke elevenes konsentrasjon, trivsel og utjevne forskjeller».