Hopp til hovedinnhold

Grøn veke 25.–29. november: Saman løfter vi fram verdiar som varer

25. til 29. november vert det grøn veke. Då inviterer vi alle bygdekvinner og bygdekvinnelag til å dele sine grøne tips gjennom veka, som ein motpol til handelsstanden si black week.

I Bygdekvinnelaget trur vi på verdiar som står seg over tid. Difor ønskjer vi å løfte fram grøne vanar og eigne tradisjonar som ein motpol til Black Week og kjøpepresset som høyrer med.

Gjennom prosjekta våre jobbar vi for å halde i hevd nøysamheit, gjenbruk og berekraftige val i kvardagen. Vi heiar på lokale handverkarar, kvalitet og kunnskap som varer – og som skapar fellesskap og kvardagsglede i bygdene.

No vil vi invitere alle bygdekvinner og lokallag med på Grøn veke. La oss bruke tida til å spørje:
Kva treng vi eigentleg? Kva kan vi reparere, dele, låne eller lage sjølve?
Saman kan vi vise at små handlingar betyr mykje.

Samarbeid med Økologisk Norge
I samband med Grøn veke 2025 har vi eit samarbeid med Økologisk Norge, som vi saman med løfter fram grøne val knytt til mat, dyrking og berekraftige kvardagsrutinar.

Slik blir du og laget ditt med
For å synleggjere dei grøne vala våre, ønskjer vi at alle lokallag deler postar på Instagram og Facebook gjennom heile veka.

Bruk emneknaggane:
#nøysom #grønveke #grønnuke #norgesbygdekvinnelag #matberedskap #okologisknorge

Del gjerne bilete, små filmar, historier, tips og oppskrifter – alt som kan inspirere andre.

Tema du kan dele frå Nøysom

  • Miljøvennleg og kjemikaliefri heim
    Heimelaga såper, plastfrie alternativ, kreative gjenbruksløysingar.
  • Dyrk sjølv
    Stor eller liten hage – del dyrketips og eigne erfaringar.
  • Berekraftig matforbruk
    Restemat, sesongvarer og smarte kvardagsoppskrifter.
  • Redusert forbruk og gjenbruk
    Reparasjon, omsaum, bytting og kreative prosjekt som gir nytt liv til gamle ting.

Aktivitetstips for lokallaga

  • Byttekveld for klede eller vinterutstyr
  • Restematkurs
  • Skogstur for å samle naturmateriale til julepynt
  • Sy- og strikkekveld
  • Lag julegåver saman – strikkaklutar, julekaker, pynt, såper

Les meir om Nøysom her!

Webinar om grøn glede og fellesskap tysdag 25.november 
Bli med på webinar om grøn glede og fellesskap tysdag 25.november kl.18.00-19.00, og la deg inspirere av våre to prosjekt, «Nøysom»og «Friluftsglede og inkludering», som begge handlar om berekraft, kvardagsglede og sosialt fellesskap.
Trykk her for å bli med: Bli med i møtet nå

La oss lage ein grøn tråd gjennom heile veka!
Vi håpar mange vil vere med på å fylle veka med gode råd, tips og aktivitetar som inspirerer – både i eiga bygd og på tvers av landet.

Saman set vi berekraft på agendaen og saman tek vi gode val for oss sjølve -  og for naturen! 😊