Sep
18
Thu
Natronkaker og potetkaker
Tradisjonsmat - Natronkaker og potetkaker er godt både til kveldsmat og kaffimat, eller berre når du er litt småsvolten. Potetkaker kan også erstatte den kjøpte tacolefsa eller lompa. Har du lyst å lære deg å lage?
Breim bygdekvinnelag held kurs i takkebakst torsdag 18.09.25 kl 17-20 på skulekjøkkenet på Breim skule. Pris 200,- for medl i Breim Bygdekvinnelag og 400,- kr for ikkje medl.
Påmelding på sms til 99591726 (Kristin), innan 15.09.25