Hopp til hovedinnhold

Hyen Bygdekvinnelag

Damer frå bygdekvinnelaget på Håjen Kafé

Damer frå bygdekvinnelaget på Håjen Kafé

Jubileumstur

Søndag 23. april drog 23 medlemmer i Hyen Bygdekvinnelag på tur i høve 70-årsjubileet til laget, som eigentleg var i 2022.

Damene samkøyrde i privatbilar frå Hyen til Håjen kafé i Naustdal. Før middagen fekk dei orientering om Luftkampmuseet, og fekk sjå ein kort film til minne om Den svarte fredagen. Mange av dei som ikkje hadde vore der før, var svært overraska over kor voldsom historia var, utan at vi har høyrt noko særleg om det før. Håjen kafé serverte god og kortreist lammesteik frå Kringla i Naustdal. Der var også ein liten butikk, med Håjen sine eigne takkebakstprodukt, og mykje anna lokalmat frå området. 

Etter middagen i Naustdal gjekk jubileumsturen vidare til Førde. Endeleg var det klart for konsert med sjølvaste Sissel Kyrkjebø, som presenterte songar frå både tidleg og seinare i si lange karriere. Jubileumsfølgjet frå Hyen sat på første rad, og var fornøgde med konserten. Som nokon uttalte: “Dette var ei sann oppleving! Dette kan vi leve lenge på!”

Deltakarane var einige om at det alt i alt var ein flott jubileumstur, og at det for ein gongs skuld var herleg å berre vere gjest og setje seg til bords, og slappe av på konsert, når vi vanlegvis samlast for å stå på med dugnad og lage fest for andre. Medlemmene verka også einige om at det var passeleg langt med ein dagstur.