Hopp til hovedinnhold

Ja til norske grønsaker

Vil ditt lokallag vere med på aksjon for norske grønsaker måndag 16. oktober?

Vil auke bruken av grønsaker
Norges Bygdekvinnelag vil auke kunnskapen om og bruken av norske grønsaker hjå norske forbrukarar.

Bli med!
Vi håpar ditt lokallag vil vere med og dele ut gratis grønsaker utanfor nærbutikken din måndag den 16. oktober! Saman med kjendiskokk Harald Osa har vi lage ei eiga suppeoppskrift som skal delast ut saman med grønsakene på aksjonsdagen.Vi vil ha med så mange lokallag som mogeleg. Meld på laget ditt innan 4. september. Påmeldingsskjemaet ligg på denne sida!

Ja til norske grønsaker
”JA til norske grønsaker” skal vere ein positiv aksjon for å fremme norske grønsaker. I Norges Bygdekvinnelag sin arbeidsplan står at vi skal vere eit talerør for norske forbrukarar og tydeleggjere at trygg og sunn mat er forbrukaren si interesse. Med Gartnerhallen som samarbeidspartnar vil Bygdekvinnelaget setje søkjelyset på grønsaker som ei rein, sunn og god norsk råvare fordi:

  • Grønsaker er bra for helsa, og noko av det beste ein kan gjere for å få eit sunnare liv, er å auke inntaket av grønsaker.
  • Grønsaker passar til det meste, og med auka kunnskap om bruk, vert det enno lettare å ha det som ein del av sitt daglege kosthald.
  • Grønsaksproduksjon har eit lågt klimaavtrykk. Det vil seie at produksjonen av norske grønsaker er positivt for miljøet.
  • Mattryggleik. Noreg produserar grønsaker med så lite bruk av  sprøytemiddel som mogeleg. God kontroll på den norske matproduksjonen gjev oss gode råvarer som forbrukarane kan vere trygge på.
  • Sjølvforsyning. Noreg må både i solidaritet med andre land - og for å trygge eiga befolkning, ha ein eigen matproduksjon.

Trykk her for å få tips og lese meir om aksjonen!

*Om du har spørsmål til aksjonen er det berre å ta kontakt med organisasjonsrådgjevar i Norges Bygdekvinnelag Astrid Seime på e-post astrid.seime@bygdekvinnelaget.no

Visste du at...
• Raudbetar inneheld store mengder folsyre og regelmessig bruk av raudbetar reduserar risiko for hjerte- og karsjukdommer. Dessutan er den rik på fiber og sjølv om den er søt på smak er den kalorifattig.
• Grønkål er ei supergrønsak som er full av vitaminar, mineraler, kostfiber og helsebringande plantestoff - samtidig som den er fattig på kalorier
• Persillerot har ein smak som minner om sellerirot. Den har lågt feittinnhald og eit høgt innhald av vitamin C. Persillerot er ein gammal kulturplante, som har sitt opphav ved Middelhavet, der den framleis veks vilt.
• Gul lauk er ein av våre mest allsidige grønsaker, og når du steiker den gjev den frå seg ein søt og fyldig aroma som løftar smaken i dei fleste rettar.