Hopp til hovedinnhold

Kritisk til nedlegging av Merkur-programmet

Norges Bygdekvinnelag meiner dagens Merkur-program er med på å støtte nærbutikken som ein handlesstad og møteplass for bygdene. Her finn du Bygdekvinnelaget sitt høyringssvar.

Regjeringa føreslår i at Distriktssenteret, som Merkur-programmet no ligg under, skal leggast ned og at oppgåvene skal flyttast til fylkeskommunen. Det betyr at det er stor fare for at også Merkur-programmet vert lagt ned som eit landsdekkande tilbod.

Bekymra for nedlegging
- Vi må ta vare på nærbutikkane! Dei er med på å oppretthalde lokal handel og ei levande bygd. Dessverre opplever mange nærbutikkar å ha eit sviktende grunnlag, og er avhengig av støtte fra storsamfunnet. Difor er det avgjerande at nærbutikkene får verdifull fagleg og økonomisk bistand fra Merkur-programmet, seier generalsekretær Cesilie Aurbakken, som er bekymra for forslaget om nedlegging av Merkur.

I følgje Merkur-programmet sjølv kan butikkar som deltek i Merkur-programmet søkje om investeringsstøtte til fornying eller utbygging av butikken. Tilskotsordninga skal medverke til at daglegvarebutikkar i marginale marknader kan moderniserast og utviklast til å bli meir konkurransedyktige.

Engasjerte lokallag
Norges Bygdekvinnelag sine lokallag har i fleire år delteke på merkur sin "handle lokalt-kampanje" på hausten, og er opptekne av nærbutikken si betydning i bygda.

Følg lenkja under for å lese Norges Bygdekvinnelag sitt høyringsinnspel!

hoyringssuttale_norgesbygdekvinnelag_forslag_pa_overforing_av_oppgaver_til_fylkeskommunen_merkur.pdf