Hopp til hovedinnhold

Blide damer i Gossen Bygdekvinnelag lagar lammegryte. Foto: Gossen Bygdekvinnelag.

Lam på menyen

Bygdekvinnelaga markerte verdas matvaredag med å løfte fram lammet som nasjonal matskatt. Partering av slakt, 6-rettars meny og smaksprøver stod på agendaen hjå bygdekvinnelaga. Her ser du Gjøra, Gossen og Sandnes i aksjon.

Gjøra Bygdekvinnelag: Kurs i partering og 6- retters meny av lammet
Gjøra Bygdekvinnelag planla to samlingar med kurs i partering og matkurs. Dei samla fem damer til ein lærerik kveld med kurs i partering av eit heilt lam. Siw Jenstad Julbø og hennar mann Bjørn Julbø var leigd inn som kurshaldarar. Etter parteringa kverna dei kjøttdeig, salta på litt av kjøttet og lagde lammerull ferdig til koking.

 

 

 

 

 

 

 

 

Gjøre med 6-retters meny 
Gjøra Bygdekvinnelag ville verkeleg bruke heile dyret, og samla folk til matkurs. På kurset fordelte dei lammet på seks ulike rettar med eigenproduserte grønsaker; lammefrikassé, lammeburger, fårikål, lårsteik, salta kjøt med potetball og greske kjøttbollar. I tillegg hadde vi tzatziki og rømmedip, og hadde kålrabi, gulrøter og poteter til.

Leiar i Gjøra Bygdekvinnelag Merete Bolme fortel at det er lenge sidan sist dei hadde eit stort arrangement, og koronaen gjorde dei litt usikre på korleis dei skulle gjere det. Dei bestemte seg for å invitere 15 gjestar til mat.

"Med håndsprit og engangshansker og med begrenset antall gjester håpet vi at dette skulle kunne gå bra", fortel Bolme. Ho fortel vidare at dagen blei ein suksess, og det vart mykje skryt for maten dei hadde laga. 

Rettar frå heile lammet på menyen hjå Gjøra Bygdekvinnelag. Foto: Gjøra Bygdekvinnelag 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Gossen Bygdekvinnelag: lammegryte
Fredag 16. oktober tok Gossen Bygdekvinnelag med seg eit heilt slakt av lam til Gossen barne- og ungdomsskule.  I mat- og helsefag fekk heile 9. klasse lære å partere lam og smake på den herlege lammegryta bygdekvinnene hadde førebudd dagen før. Her finn du oppskrifta på lammegryte med hausten sine rotgrønsaker!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her ser vi blide damen i Gossen Bygdekvinnelag som lagar lammegryte. Foto: Gossen Bygdekvinnelag. 

Sandnes Bygdekvinnelag:  delte ut 175 smaksprøver i  Meny-butikken 
Sandnes Bygdekvinnelag hadde eit godt samarbeid med alle aktørar og delte ut mange smaksprøver i butikken på verdas matvaredag. Dei hadde laga eigne handburgerbrød av surdeig og butikken bidrog med salat.

Gode lukter og god stemning i butikken når Sandnes serverte smaksprøver på lammeburger. Foto: Sandnes Bygdekvinnelag. 

 

 

 

 

Ved å setje søkelys på Bruk heile dyret vil Norges Bygdekvinnelag få fram verdien av å bruke heile dyret. Både fordi det er berekraftig og fordi dei ulike delane gjev oss spennande oppskrifter. På verdens matvaredag 16. oktober markerar Bygdekvinnelaget dagen i heile landet, og viser kvifor lam er ein nasjonal matskatt. 

Nortura, NorgesGruppen og Bama støttar aksjonen.