Tur til Hedleberget & sesong-avslutning på vårturane☘️
Friluftslivets år 2025 - med prosjektet Friluftsliv & Inkludering vil Norges Bygdekvinnelag sine lokallaga inspirera til sterkare innsats for inkludering gjennom friluftsaktivitetar der me bur ☘️
Tysdag 17.juni tek me turen til Hedleberget på Kyte, ein historisk stad med skiferbrot med dagleg drift, museum, utescene og kultursti ☘️ oppmøte kl.18.00.
Du køyrer til bommen ved Hedleberget og parkerar der - me går ein rundtur på ca.1 time og avsluttar ved utescena på Hedleberget. Det er ein lett tur med flott utsikt, som passar for alle. Det er og ein av turane i stølsturhefte, 2 klypp, så hugs å ta med stølstur-heftet. Om ein ikkje vil gå turen, så er det råd å koma likevel. Det er fint å berre vera der og sjå seg om på arbeidsplassen som gav arbeid til mange i si tid. Vert det ruskevær, kan me sitta under tak på utescena.
Denne kvelden vil me og markera Friluftlivets år 2025 og gjera stas på turgjengen, med enkel servering, med mat laga ute i det fri ☘️ PS: ta med turkopp & sitteunderlag.
ALLE ER VELKOMNE TIL Å VERA MED BYGDEKVINNELAGET PÅ TUR !
NB: vil du på tur, men kjem deg ikkje fram, kan du kontakta Randi Flatabø Opheim: 947 85 203 eller turansvarleg : 917 700 01. Ellers oppmodar me til samkøyring.
Helsing Turgruppa & Bakegruppa i Bjørgum Bygdekvinnelag 🌼