Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Liv Spilde, leiar i laget.

Årsmøte med god avstand

Anne Marit, Liv og Marit gjekk ut av styret.

Årsmøte 2020


 


Årsmelding for Bjørgum Bygdekvinnelag november 2019 – november 2020


Laget har hatt 5 styremøter denne perioden.


På fyrste styremøte vart styret konstituert slik: Leiar: Liv Spilde, Nestleiar: Anne-Marit Lemme Eikefjord, Kasserar: Bjørg Agersborg Grønås, Skrivar: Liv Kolskår. Studieleiar: Kari Tesdal, Ansvarleg for laget si heimeside: Randi Margrethe Bjørke.


Varamedlemmer: 1.Marit Helgaset, 2.Randi Flatabø Opheim, 3. Berit Klyve.


Styremøta har omfatta utarbeiding av årsplan, planlegging av lagsmøter og kva tema som skal vera på kvart møte. Planlegging av kurs og aktivitetar i laget. Styret har ei messenger gruppe som har vore flittig bruk.


Bjørgum Bygdekvinnelag er på Facebook, Instagram og eige messengergruppe for alle medlemmene. All informasjon ut til medlemmene går gjennom desse mediane. Det er nokon av medlemmene som ikkje er på sosiale mediar og dei får meldigar på SMS. Der vert det lagt ut informasjon om kurs, møter og aktivitet i laget både før eg etter gjennomføring. Laget har ei heimeside hjå NBK, bygdekvinnelaget.no


På årsmøtet i 2019 vart det bestemt at gruppene/ nemdene som står for blandt anna kveldsturar skal skriva eit lite referat som skal leggjast ved i årsmeldinga.


Laget har pr. i dag 70 medlemmer.


Alle møter vert haldne i Solheim Ungdomshus. Det har vore eit kurs/ lagsmøte i 2020. Dette kurset var «Lynkurs i fortografering med mobilkamera»


Mange aktivitetar / møter har på grunn av korona-pandemien vorte avlyst dette året. Me håpar på betre tider i 2021.


Etter årsmøtet 2019 var det eit jola-aktivitetsmøte og eit adventmøte. Desse møta ligg i årsplanen for 2019.


Adventmøte vart halde i Solheim 4.des 2019 desember. Her møtte 37 stk.


Astrid Sudman fortalte jolaforteljingar om Marte Sennnerud, og litt om boka si «syng og leik ilag».


Etterpå vart det godmat,  heimelaga koldtbord, kaffi og lefser.


Gjennomsnittleg deltaking på møta våre er mellom 30 og 40 stk.


På alle møter/ aktivitetar har me matøkt. Loddsalg på møtene.


Bygdekvinnestreif.


Bjørgum Bygdekvinnelag hadde fått i oppdrag frå Hordaland Bygdekvinnelag (HBK) til å vera vertskap for Bygdekvinnestreifern våren 2020


Dato var sett til 29.02.20


Dermed vart det mykje planlegging med alt frå mat, kven skal me be inn til fortelja om grenda og det som føregår her. Ein heil del øving vart det og fordi me fann ut at me i styret måtte by litt på oss sjølve. Så mange kreative damer som er med i styret vart det ei regla som skulle framførast.


Grisegutane framførte eigenkomponert song, dei viste ljosbilete og film frå det gode liv som gris på Bjørgum.


Andrea Salbu og Amalie Dalland Istad underheldt med diktlesing og flott song.


Menyen vart supanesoppa, anislefser og kaffi.


Fekk hjelp av 6 flinke 4H`arar til å vera med under servering av mat og rydding etter streifen.


Me fekk høyra nytt frå NBK og HBK


Det møtte ca 100 stk. på streifen.


Årets lokallag.


Bjørgum Bygdekvinnelag vart årets lokallag, noko me er veldig stolte og fornøygde med.


Dette fekk me vita då me hadde sommarturen vår i år. Det vart ein flott ettermiddag på Store Ringheim, god mat og gode nyheiter.


Avisinnlegg.


Laget har hatt fleire innlegg i lokalavisa Hordaland. Innlegg om Matsikkerheit i felleskap, dette er eit innlegg som er underskriven av alle lokallaga rundt Vossabygda.


Bygdekvinnestreifen vart godt omtalt, der dei trekte fram at Bjørgum var eit veldig aktivt lag.


Avisa var på plass på sommarturen vår, og fekk me stor spalteplass fordi me der fekk vita at Bjørgum Bygdekvinnelagvart årets lokallag.


Me har og hatt lesarinnlegg om der me som lag engasjerer oss i samfuns spørsmål. Saka gjeld nedlegging av omsorgsbustader for personar med nedsatt funksjonsevne. Desse boligane ligg i grenda vår.


I fagbladet Bondevennen vart det også innlegg om Bjørgum Bygdekvinnelag,  Dei har starta ein serie som som heiter «Til bords med Bygdekvinnelaget» Der vart tradisjonsmat heftet vårt og Brimlefsa flott presentert av leiaren vår Liv Spilde.


Dugnad.


Smalahovesleppet har alltid vore ein kjekk og innbringande aktivitet. På grunna av korona-pandemien vart dette året Torgdag i staden for slepp.


Me hadde dugnad og baka flatbrød, krotakaker og nordlandslefser for salg. Me selde også Tradisjonsmatheftet vårt. Laget hadde stand på Vangen, men på grunn av svittervernsreglar kunne me ikkje sitja og baka brimlefse på standen denne gongen. Dette var eit stort sakn hjå kundane.


Dugnadsbakinga forgjekk i heimen hjå medlemmer slik at det berre var to el. tre som var saman.


Me fekk seldt nesten alt, var att tre posar flatbrød.


Laget har også vore med på opninga av ny «Flor» butikk, Flor er funksjonelle arbeidasklær for kvinner.


Grûnder Kristin Lemme er også medlem i laget, så sjølvsagt må me hjelpa til.


Tre damer frå styre steikte lappar og kokte kaffi, og delte ut til dei som kom til butikken. På grunn av korona-pandemien heldt me til ute, slik at smittevernreglane vart ovehaldne.


«Undergruppene»


Kveldsturane.


Kveldsturgruppa kom gang i mai. Det vart gjennomført 5 turar i vår og 5 i haust. Dei tre siste turane har me hatt eit lavterskeltilbod til dei som ikkje er så spreke i motabakkane. Dett har synt seg å vera veldig kjekt for medlemmene.


Sommarturgruppa.


Sommarturen vart gjennomført med alle smittervernsreglar godt fulgt opp.


Turen gjekk til Store Ringheim Hotell og resturant.


Bakegruppa.


Diverrre har alle bakekursa i 2020 måtta gå ut på grunn av korona-pandemien. Håpar å koma sterkare tilbake i 2021


Jola-aktivitetsmøte.


Det vart halde jolaaktivitetsmøte i Solheim i nov 2019. Der var ei gruppe som laga joladekorasjonar og ei gruppe som laga smultringar og krumkaker.


Prosjekt.


Laget har og fått støtte til eit prosjekt frå NBK som er retta mot ungdom og tradisjonsmat.


Me samarbeider her med Lystig 4 H. Ungdommane skal få læra kor maten kjem frå, «frå jord til bord».  Det skal vera fire samlingar, og prosjektet skal halda fram til okt. 2021


På fyrste samling no oktober var dei med på slakting av gris.


Utsendingar


Regionmøte:


Liv Spilde,  Anne-Marit L. Eikefjord, Bjørg Agersborg Grønås og Kari Tesdal  var på møte i HBK, region 3 på Dagestadmuseet. Der vart det diskutert kva ei einskilde laga i regionen hadde av aktivitetar og at det er nyttig med samarbeid mellom laga.


Folkeakademiet:


Aud - Marit Netteland og Randi Flatabø Opheim var på årsmøtet til Folkeakademiet på Voss.


Bøndenes hus: Brynhild Tennebekk Bjørke


Fylkesårsmøtet: Her kunne me diverre ikkje møtast fysisk, men årsmøtet vart gjennomført på ZOOM. Liv Spilde, Randi Margrethe Bjørke og Liv Kolskår var med på det digitale årsmøtet.


Haustfest Lystig 4H:


Anne-Marit Lemme Eikefjord og Randi Serigststad Fenne delte ut skjeier/merker på haustfesten til Lystig 4H, Den vart halden på Bjørgum skule.


Gåver.


Blomehelsingar til jubilantar.


Styret laga ein årsplan med mykje kjekke aktivitetar. Årsplanen frå 2020 har diverre vorte veldig redusert på grunn av alle smittevernreglane og korona-pandemien. Håpar at dei aktivitetane me hadde tenkt å gjennomføra kan skyvast fram til neste åsplan og at me får sett planane ut i livet.


Har alikvel fått til ein del aktivitet, men det er for det meste dei i styret som har «drege lasset» dette året.


Bjørgum Bygdekvinnelag har mange og engasjerte medlemmer, og det er me veldig stolte over.


Når forhåpentlegvis denne pandemien tek slutt vert det nok meir aktivitet, men helsa er viktig for alle og den må koma i fyrste rekke.


Tusen takk til alle i Bjørgum Bygdekvinnelag, og hugs, de er alle er lika viktige.  


Referent: Liv Kolskår