Gode råd om kvardagsaktivitet
Gunn Marit Bergstrøm frå GMB aktiv Helse var med oss tysdag kveld i Solheim grendahus og fortalde om gleda ved aktivitet og rørsle og syna oss ulike øvingar, som er gode for oss vaksne damer. Ho minna oss på kor viktig det er å finna balanse mellom aktivitet og kvile, gjera ting som gjev energi og meining for deg sjølv.
Heile forsamlinga var med på trimstunda. Dette var so kjekt og inspirerande at me gløymde å ta fleire bilete.
Etter "treningsøkta" smaka det med påsmurde rundstykker.
Litt informasjon om dugnad som har vore og dugnad som skal vera, fekk me tid til innimellom åresal og god drøs rundt bordet.
Takk til alle de som kom, nær 30, og gjordet det til ei triveleg stund - takk til de som hadde med fine gevinstar og takk for god hjelp med tillaging av mat og kaffi.
Og ikkje minst takk til Gunn Marit som var med oss denne kvelden !