Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Grønsaksaksjon på verdas matvaredag 16.oktober 2017


Ja. til norske grønsaker !!

Grønsaksaksjonen var vellukka. 120 posar med grønsaker forsvann på ein og ein halvtime, då me stod utanfor Kiwi Palmafossen på verdas matvaredag. Alle var like glad og overraska over å få ein pose med gratis grønsaker, og suppeoppskrift frå Harald Osa oppi.. Suppen var både fargerik, smakfull og lukta veldig godt. Det var kjekt å vere med å gjere ein innsats, for å visa kor mykje flotte grønsaker me har.