Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Klare til føredrag
Jorun Henriksen ynskjer velkomne til festmiddag.
Strikkekafé.

Inspirasjonsseminar i Stavanger

200 bygdekvinner frå ulike landsdelar i Norge fekk ei uforgløymeleg helg saman på hotell Clarion Energy i Stavanger.
Ansatte og styret i Norges bygdekvinnelag serverte oss eit fullspekka program frå fredag til sundag - ein kombinasjon av alvor, inspirasjon & leik.
Det var fokus på tida me er i, ei turbulent verd med krig, uro og klimaendringar- kva konsekvensar dette får for oss i Norge og resten av verda t.d. med tanke på beredskap, matsikkerheit og korleis "styra " trygt inn i eit grønt skifte.
I alt alvoret var det fokus på glede, meining og samhald, at det er viktig i sosial beredskap og for å klara å ha trua på framtida 🌏
Me har hatt mykje morro saman denne helga, fått mykje inspirasjon ( og nokre nye ide'ar) og vorte kjende med fleire bygdekvinner. No ser me fram til vidare arbeid i laget vårt 🌺
Ein stor takk til NBK for vel planlagd og gjennomført seminar.