"Ville smakar" på menyen

Januarmøte med Ville Vekster

Lærerikt møte i skulen i går

Gro Sidsel Hagen Urheim og dottera Camilla fortalde om ville vekstar og kva me kan bruka dei til. Dette er vekstar me har lett tigang til, så til våren vert det nok kamp om løvetann, vassarve, høymole m.m. Etterpå fekk me smaka både løvetanngele, løvetannsirup, løvetannsaft og granskotsirup. Spanande smakar som passa godt til blæmuggost, brie og peparkake.I tillegg fekk me servert nydeleg kyllingsuppe av matnemnda.

Råvareaksjonen

Norges Bygdekvinnelags råvareaksjon for 2016 og 2017 er Ville vekstar. Målet med råvareaksjonen er at fleire skal bli kjend med det rike mangfoldet av ville vekstar i den norske natur. Å høste av dei lokale ressursane er positivt for miljøet, og aukar nærleiken til naturen rund oss.

Bli medlem