Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

8. mars tilskiping samla mykje folk

Kvinnesolidaritet utan grensar - Den internasjonale kvinnedagen


Bjørgum -, Bulken - og Voss Bygdekvinnelag tok i mot utfordringa og stafettpinnen - laga til 8.mars markering i Voss Ungdomshall.

Etter fleire månadar med planlegging og førebuing var kvelden endeleg her. I forkant av tilskipinga i Ungdomshallen var det appell på torget ved Tanya Kaldestad frå Raud Ungdom og 8.mars tog som stogga ved Hallen. Bygdekvinnelaget hadde parole med i toget: Ikkje rør etterlattepensjonen ! Det var ein sur og kald ettermiddag/kveld. Det var godt å kome innom hus å få seg ein kopp kaffi og lappar med rømme og syltetøy.

Bulken evige Ungdomskorps starta programmet med skikkeleg trøkk. Liv Spilde fortalde om Bygdekvinnelaget i eit historisk perspektiv. Journalisten fekk seg ei aha-oppleving, visste ikkje at Bygdekvinnelaget hadde og var så driftige. Det enda med at Liv kom i lørdagsavisa med ei brei og informativ reportasje om Bygdekvinnelaget, og i tillegg om sjølve 8.mars markeringa. Bjørg Djukastein, jurist, hadde eit innlegg om: Kor likestilte er me i 2017 ?  Ho peika på mange viktige tema, alt i frå  kvinner i politikk og styreverv til korleis me oppdrar borna våre. Aud-Marit Netteland og Brynhild Tennebekk Bjørke fortalde om NBK si satsning i Mosambik, med temaet : Kvinner hjelpar kvinner - på tvers av landegrenser. Me syna bilete me fekk låna hjå Grethe Brundtland. Me sat att med ei kjensle at publikum fekk ei betre forståing av sjølve prosjektet og eit innblikk i kvardagen til kvinner i Napularegionen i Mosambik.Dei fekk og smaka cashewnøtter frå Mosambik. Amnesty v/ Gurid Bonsaksen haldt appell og delte ut liste me kunne skriva under på. .Oda Netteland Norevik(song) og Marit Johansen(cello), begge utdanna ved Norges Musikk høgskule, song og spelte ulike stykker av kvinnlege komponistar. I tillegg fortalde Oda om musikkstykka og komponistane.  Dei framførde musikk av høg kvalitet, med "gåsehudkvalitet". Då siste songen, Both side now, ebba ut, sat det mange blanke auge rundt om kring. Mari Aker losa oss stødig og kunnskapsrikt gjennom tilskipinga. Det vart ein del omrokkering i siste liten på nokre av innslaga. Dette ordna ho på strak arm.

Me hadde ei felles lysing i lokalavisa saman med 8.mars gruppa, dei som hadde ansvar for toget og parolar. Dette var svært positiv. Det førte til ei meir heilskapleg markering. Samstundes har me lært veldig mykje om 8.mars, fått eit større kontaktnett og ikkje minst lært mykje om eigen organisasjon.