Hopp til hovedinnhold

Bjørgum Bygdekvinnelag

Kari og Helene frå Husfliden
Damene koser seg

Strikke kafé og Husfliden

Sjølv med dårleg ver og glatte vegar var det eit godt oppmøte på strikkekafe'en i Solheim 24.januar.
Kari Kvingedal & Helene Reutz Ringheim frå Husfliden Voss var med oss. 
Dei fortalde om aukande interesse for norsk ull, og me fekk sjå og høyra om blant anna lokal-produsert ullgarn av gammalnorsk spælsau frå Elje gard og ullgarn "Fjellfell" frå Eksingedalen. Husfliden hadde med mykje fint i strikk og garn og strikkepakker for sal.
Fleire gler seg no til å prøva ut nytt ullgarn og oppskrifter 🧶
Kjekt var det å treffa grendafolk og ekstra stas at me fekk eit nytt medlem denne kvelden !
I tillegg til spøt og drøs over kaffikoppen var det og loddsal og utlodning av fine premiar.

Takk til Husfliden, alle som kom på møtet og til de som hadde med fine premiar 

Helsing
Oss i BBK 🌺