Hopp til hovedinnhold

Bø Bygdekvinnelag

Medlemsmøte ved det vesle tjernet attmed husmannaplassen Tjønna på Norbøåsen.

Medlemsmøte på Norbøåsen.


23. august 2017 kl. 18.00.

Denne kvelden samlas vi ved det vesle tjernet attmed husmannsplassen Tjønna på Nordbøåsen. Husa her er flytta, men det er laga ein fin sitjeplass her med bålpanne og nok plassar til 15 bygdekvinner som var samla denne kvelden. Helga ønskte velkommen og fortalde historien som er knytta til denne plassen. Den yngste sonen i familien Tjønna var Gregar. Han skreiv mange fine dikt, det mest kjende er "Bøheradsangen", denne viser den fine kjensla han hadde til heimen sin, folket og bygda Bø.  Etter kvart var det laga mat på ekte speidervis av familien Hegnastykket. All maten vart laga i gryta over bålpanna.  Nokre lagsaker vart tatt opp av leiaren vår Helga Eika.  De vart ein triveleg kveld, vi starta ikkje på heimvegen før mørkret byrja koma.