Hopp til hovedinnhold

Breim Bygdekvinnelag

Årsmøte i Breim Bygdekvinnelag 2015

Årsmøtet i Breim Bygdekvinnelag for 2015 vart halde i det gamle skulehuset i Ryssdalen 20. oktober 2015.

Vi var 28 oppmøtte totalt.  Liv Tone Aabrekk ynste oss velkomne, Ingvild Gåsemyr leste ord for dagen; om hausten. «Veslemøy ved rokken» av Arne Garborg.  Ho la også fram ynskje om at vi alle skal tenke på om vi kan gjere noko/være noko for flyktningane no i denne situasjonen vi har  i Europa i dag.

Anita Lothe, Helse og omsorgsjef og Bente Sundal frå heimesjukepleien kom frå kommunen og orienterte om Velferdsteknologi; kva er det og korleis jobbar Gloppen Kommune innan Samhandlingsreforma.

Deretter var det klart for årsmøtesaker.  Innkalling og sakliste vart gått igjennom og godkjent.  Valnemda hadde ein enkel jobb, berre eit styremedlem hadde sagt frå seg; Styret for neste år er slik:  Leiar:  Ragnhild Helgheim, kasserar:  Lillian Støyva, sekretær:  Solfrid Paulen Egge, styremedlemar:  Merete Nilsen Myklebust og Hilde Kvile, vara:  Grete Saur og Ingvil Gåsemyr.  Vara som takka for seg;  Karin Vårdal Myklebust fekk blomster.

Det vart servert nydelege smørbrød og fleire gode eplekaker med krem til.  Under maten hadde vi åresalg og praten gikk triveleg.  Møtet vart avslutta med song.

Vi har vore 43 medlemar dette året og har ein god aktivitet med godt oppmøte på møta våre og turane vi har vore på.

Vedlagde bilder er frå medlemsturen vår til Borgund 31. mai, der vi var 23 medl. med.

Helsing

Solfrid Paulen Egge, sekr.

Breim Bygdekvinnelag