Hopp til hovedinnhold

Breim Bygdekvinnelag

Kompardag i Breimshallen 7. febr. 2016


Arr. av Breim Bygdekvinnelag, tradisjon med "Kompardag" i Breimshallen.

I Breim Bygdekvinnelag er vi gode på tradisjonar.  Vi har fått ein tradisjon med "Kompardag" ein søndag i februar.  Første åra brukte vi morsdagen til dette, i år var det første søndag i februar, monge ventar gjester eller har nokon å besøkje på morsdagen.  Arrangementet krev ressursar, mest alle i laget stiller opp for å lage ein god dag.  Anten jobbar i Breimshallen eller bakar kake.  Maten vert betre for kvart år etter som erfaringa veks.  I år var vi heldige med veiret, det var greitt å ta ut denne søndagen.  Salen var nesten full dei første timane.  Store og små kosa seg med komparar og godt tilbehør.  Etter maten vart det servert kaffi og kaker i første etasje.  Folk gav seg god tid, prata og kosaseg.  Det er kjekt å treffast!  Ein vellukka dag på alle måtar.