Hopp til hovedinnhold

Breim Bygdekvinnelag

Bjarte Gangeskar, foredragsholdar

Møte i Kandal Grendahus 8. mars 2017


Bjarte Gangeskar, avd, leiar barnevern, Eid kommune,


Tema;  Vald i nære relasjonar.

Referat  frå møtet i Kandalen onsdag 8. mars 2017

Tema ;  Vald i nære relasjonar.  Foredrag med Bjarte Gangeskar, avd.leiar barnevern, Eid Kommune.

Det var nesten 40 damer som møtte i Kandalen Grendahus om kvelden den 8. mars.  Veggane var dekorerte med bilder av lokal kunstnar, Solveig Tingnes Kandal.  Odlaug Kandal ønskte velkomen med ord for dagen;  ei morsom og underhaldane historie om «mannen som stelte heime», ikkje heilt enkelt:-)

Foredraget med Bjarte Gangeskar var informativt og tankevekkande;  Vald i nære relasjonar,  i Trivselsfylket Sogn og Fjordane? I Gloppen Kommune der alle kjenner alle?

Also:  Vald er meir enn fysisk vald.

Alle kjenner nokon som er utsett for vald, men vi veit det gjerne ikkje.

Barn som er vitne til vald er også pr. definisjon utsett for vald, som då er like skadeleg.

Bjarte Gangeskar fortalde oss om fire  konkrete valdstilfeller, anonymt selfølgeleg.  Dette skjer i Trivselsfylket vårt, dette skjer i Nordfjord.   Vi vart også gjordt oppmerksom på at kvar enkelt har plikt og ansvar for å gje beskjed  dersom det er mistanke om vald.

Snakk med og ikkje om dei du trur har det vanskeleg.  Spør, spør fleire gongar, vis at du ser og bryr deg.

Vi fekk servert nydeleg gulrotsuppe, kaffi og kaker før vi avslutta med tradisjonelt åresalg.

Damene i Kandalen og Nedrebygda skal ha stor takk for ein triveleg  kveld.