Hopp til hovedinnhold

Breim Bygdekvinnelag

Regionmøte i Hornindal 13.02.19

Regionmøte for Lokallaga i Nordfjord.

Frå Breim møtte Gudrun, Marit og Kari. I tillegg til vårt lag, så møtte dei frå Stårheim, Eid, Hornindal, Gloppen, Nesjane, Stryn og Innvik (håpar eg fekk med meg alle no?). Ingvild Johansen og Reidun Brynestad frå Fylkesstyret leia møte og kjekke folk frå Hornindal lokallag stod for flott bevertning. Møte vart helde i "Huset Vårt" eit gamalt erverdig hus med mykje historikk.

Vi hadde føre oss Tradisjonsmat skulen, organisasjonskurs,korleis verve nye medlemmar, kvinnestreif samt litt info frå sentralt hald og litt tilbakemeldingar frå lokallaga. Vi hadde ei matøkt ilag med mange kjekke folk og god "søje rundt bordet".

Vi frå Breim takkar for ei kjekke samling.