Hopp til hovedinnhold

Breim Bygdekvinnelag

VÅRMØTE i Sandalen 12. april 2016


Damene på Myklebust og i Sandalen inviterte til ein kveld med fokus på bryllaupstradisjonar. Broderiutstilling

Vårmøte
Tysdag 12.april kl 19.30 i Sandal Grendahus.
Damene på Myklebust og i Sandalen inviterte til ein kveld med fokus på bryllaupstradisjonar.
Broderiutstilling

På Bygdekvinnemøte i Sandal fekk vi gleda av å studere på nært hald brurekrona og pynten som vi har i Breim. Så kjekt at Mette Bakka Reed var så velvilleg å låne det ut. Sidan bryllaupsklede  og –skikkar var temaet denne kvelden hadde damene frå Sandal og Myklebust skaffa fleire brudekjolar og brudebilete til utstilling, både av eldre og nyare dato.

I dalen er vi så heldige å ha ei svært flink dame buande, Oksana Eck, som er frå Kasakhstan. Ho fortalde levande og på godt og sjarmerande norsk om det store og spanande heimlandet sitt. Om veldig mange folkerasar, også nomadefolk, som lever fredeleg ihop. Landet er svært variert, store grøderike områder men også ørken. Høgt oppi fjellområda er store byar med fleire kjende idrettsarenaer, vintersportstadar som Alma Ata t.d

- Og ikkje minst, synte ho fram eige fantastisk broderi, med bitte, bitte små sting, som vi ikkje har sett maken til her!

Aud Bergheim har forska litt på dette med bryllaupsklede frå gamalt av  og fortalde m.a. at brurekjolane i mellomalderen var raude, for raudt er kjent som den best beskyttande fargen, som vernar mot all vondskap!

Ikkje rart at bringepynten og brurastakken til kronebrura også er raud ! At vi har 7 brurekroner i Gloppen: forutan Ingarspyntet på Reed, Kandallspyntet på Rygg, Ryssdalspyntet, Holvikpyntet, Gullsmedpyntet, Ryepyntet og Straumepyntet i Hyen, men alt for få bryllap...!!!

Men før det kom til bryllaup måtte det friast, det skulle vera mest vellukka på veksande måne, og aller best ved Kyndelsmess... (2.feb) Ville ein ha ei jente til å bli glad i seg, utan at ho var so interessert, var det eit godt råd: Ein skjer seg litt i høgre peikefinger og dryp tre dråpar blod i mat eller drykk som jenta fekk servert.

I Sogn heitte det at ein kunne drypa det i eit hakk ein laga i eit eple. Om ho åt eplet ville ho fylgja deg -om det so var lukst på fjorden! Det var ein som prøvde dette, men jenta ana uråd og gav eplet til grisen, og grisen fylgde atti denne guten støtt!

Damene i Dalen hadde god tru og dekka til femti, berre få plassar stod tomme! Tusen takk til alle som kom på besøk til oss!

Og vi som var på besøk takkar for ein veldig kjekk kveld, koseleg og snakkast å kome i hop.

Foto frå vårmøte:

kruneog_pynt_0.jpg bitte_sma_sting_og_herlege_fargar.jpg oksana_fortel_fra_kasakhstan._ein_brudekjole_fra_2005_til_hogre_med_ein_fra_1940_bakom.jpg