Tur til Vestnorsk utvandringssenter på Radøy og Lyngheisenteret på Lygra
Fitjar bygdekvinnelag inviterer til tur tysdag 26. august 2025.
Turen går til Vestnorsk utvandringssenter på Radøy og til Lyngheisenteret på Lygra.
*Start frå Fitjar bedehus kl. 08:00.
*Knapphus Buss serverer lunsjpakke og kaffi/te .
*Omvisning på utvandringssenteret. Jubileumsmarkering i høve det er 200 år sidan starten på utvandringa til Amerika. På heimesida kan ein lese:
*«Vestnorsk utvandringssenter på Radøy er en unik norskamerikansk prærieby med originale bygninger som er flyttet fra USA til Norge. Senteret har utstillinger om emigrantlivet og kulturmøter, samt et utvandrerarkiv med navn på omtrent 96.000 personer som emigrerte fra Hordaland og Sogn og Fjordane. Besøkende kan oppleve bygninger som nybyggerbolig, lærerbolig, legekontor, fengsel og kirke, og lære om historien til de som utvandret til Amerika».
*Vi køyrer vidare til Lyngheisenteret på Lygra, 25 år i år. Lyngheisenteret er i dag den einaste staden i Europa med autentiske lyngheier drivne av lokale bønder, som òg er tilrettelagde for publikum. Her låg ein storgard som truleg var ein av kongsgardane til Hårfagreætta. Lyngheisenteret er no besøkstaden for denne kongsgarden.
*Kystpilegrimsleia: Lyngheisenteret er ein av i alt 26 nøkkelstader langs Kystpilegrimsleia, som startar i Egersund og endar i Nidaros.
*Film/orientering.
På Lygra skal vi ete middag, signaturretten villsausuppe med flatbrød. Kaffi og lefse.
Begge besøksstadane har mange slags produkt til sals.
Vi reknar med å vere tilbake på Fitjar klokka 18:30-19:00.
Ta med ektemake, venn og venninner og bli med på tur! Redusert pris for medlemmer av Fitjar bygdekvinnleag.
Pris omfattar buss, lunsjpakke, omvisning og middag.
Pris medlem: kr.600,- Ikkje medlem: kr.1100,-
Kan betale kontant, med Vipps eller til Fitjar bygdekvinnelag, bankkonto.
Informasjon om betaling blir utlevert på turen.
Påmeldingsfrist: 15. august. Påmelding til Solfrid Sandvik: 480 21 668 ingebjorg.sorfonn@haugnett.no
Helsing turnemnda: Anne Marie, Solfrid og Ingebjørg.