Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

LilliAnn fekk fin bukett av Linn Helen som takk for innsatsen som leiar i Fitjar Bygdekvinnelag.

Mange gode brød og rundstykker.

Koldtbord denne kvelden, Mykje god mat vart servert.

Kakebord.

Det var så fint pynta.

Adventsmøte i Peraløo 27nov. 2023

27 nov. 2023, var det duka for adventmøte i Peraløo. Me inviterer med oss ein person denne kvelden enten mennene våre eller ein ven. I år hadde me koldtbord med mykje god mat og godt brød attåt, og stort kakebord. Harald Rydland spelte orgel til sangane våre, då vert det veldig fint. Drøsen gjekk livleg og me koste oss i ei varm og fin løa. Me hadde med oss fire frå Ukraina, og det var spesielt kjekt, damene er altid med oss på lagsmøtene våre.Sjølvsagt hadde me åresalg med mange fine grvinster. og det vart rekord i åresalg og denne kvelden.Den nye leiaren vår Linn Helen Lothe takka LilliAnn Drønen for innsatsen ho har gjort for bygdekvinnelaget i mange år, med ein fin bukett som var så velfortjent.