Bli med på tur til Gloppen Hotell på Sandane 8-10.september 2026
Bli med på tur til Gloppen Hotell i Sandane 8-10. september 2026.
Turen er åpen for alle. Redusert pris for medlemmer i bygdekvinnelaget.
Påmelding har starta. Vi ynskjer påmelding så snart som mogeleg for å vite om vi blir mange nok for å arrangere turen. Her er førebels program;
Avreisedag tysdag 8. september
Med Knapphus buss fra Fitjar bedehus klokka 07.45. Det er toalett i bussen.
Turen går til Førde, via Hyen til Sandane. Lunsjpakke undervegs.
Innskjekking på Gloppen hotell, som er eit historisk hotell fra 1866, med lange tradisjonar og heimelaga mat.
Middagsbuffet.
Onsdag 9.sept: Frukost. Avreise til TIne Meieri på Byrkjelo. Orientering/omvisning.
Tur til Myklebustdalen, den vakre dalen der Ingebjørg er frå. Kort besøk i røykstova på garden. Evt besøk hos Bakarjon på Byrkjelo, tradisjonsrik familiebedrift som sel lokalmat.
2 retters lunsj på hotellet.
Besøk på det nye visningssenteret for Holvikejekta på Sandane. Er den einaste store opne klinkbygde jekta som fins. Blir kalla "Sjøens stavkyrkje".
Evt kort sightseengtur med bussen, evt besøk på gardsmatutsal,
Turforslag til fots; Dagsturhytta, Eventyrskogen, Holvikefossen.
3 retters middag på hotellet.
Heimreise dag torsdag 10.september:
Avreise til Jølster. Omvisning i Astruotunet i Jølster som var Nicolai Astrup (1880-1928) sin heim.
I Jølster fann han motiv til sine mange meisterverk.
Fra Jølster via Førde og heimover.
Pris på hotellovernatting med mat:
Pris pr. person for to overnattingar i dobbeltrom med frukost, 2.retters middagsbuffet, 2-retters lunsj og 3-retters middag. Totalt kr. 3525,-
Pris for EIN person i 2 netters enkeltrom og mat som nevnt over: kr. 4725,-
Du kan avbestille gratis på hotellet innan dagen før ankomst. (57 86 53 33)
Tillegg: Bussreisa med lunsjpakke og museumsinngang: ca 1200,- pr. person.
Påmelding til Solfrid Sandvik : 480 21 668 Vi sender påmelding til hotellet med navn, dobbeltrom/enkeltrom etter dykkar ynskje.
NB! Evt avbestillingar må straks meldast til Solfrid.
Betalingsinformasjon for bussreisa og museumsinngang blir utdelt på bussen.
Medlemmar av Fitjar bygdekvinnelag får reduksjon på prisen fra lokallaget med kr. 500,- Dei som ikkje er medlem må betale full pris.
Det kjem eksakt opplysningar om turen etter kvart.
Håper du blir med på turen.
Helsing turnemnda Anne Marie Røed, Solfrid Sandvik og Ingebjørg Sørfonn