Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

Blomeauksjon og BygdekvinneTreff🌹🌱🌷

Årets blomeauksjon gjekk av staben 28.april!

Eit bord fullt av blomar, stiklingar, knollar... og eit rom fullt av spente damer!

Elin var stødig auksjonarius - dette har ho gjort før! Tusen takk for at du gjennomfører med glans atter ein gong!

Det var Korfuplanter, jordbærplanter, blodbeger, tomatplanter, og andre spanande planter med både raude og blå små blomar på, inne- og uteplanter, løkar og stauder - noko for ein kvar hage og vinduspost!

Takk for vel blåst auksjon, og takk for titten til Bygdekvinnene som stakk innom og var med - både medlemmer og ikkje-medlemmer :)