Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

BygdekvinneTreff - FITJAR før og no

Per Johan Vestbøstad har ordet denne kvelden. Han syner bilete og fortel på ein levande og spanande måte om Fitjar. EIn kveld med historisk sus, der livet slik me lev det i dag vert sett i prespektiv på både godt og vondt.

Velkomen til BygdekvinneTreff i Peraløo 23.februar.

Referent: Linn Helen

Vertinner: Gerd og Hilde.

Hilde les plan for kvelden.

Fyrst syng me: "Kjærlighet fra Gud", nr 33

Hilde har ord for dagen. Les om gjærbakst og bygdekvinner rundt bordet. Ei samansett gruppe. Dei eldre kan mykje, og dei lærer det vekk til dei yngre krefter. I kveld var det mjølkekaker som stod på planen. Det kjem ei ny inn i laget, alle helsar henne velkomen. Her er plass til ein til. Varme og latter spreier seg i rommet. Her er rom for alle.

Per Johan får ordet. Han viser bilete frå Fitjar – med ei historisk tidsline.

Han takkar for invitasjonen, og fortel at det er mest som å vera på ungkarsklubben som hadde fest her i Peraløo – med damer.
Me startar med ein song. La oss leve for hverandre – til musikk frå høgtalarane – alle damene stemmer lystig i!

Eit og anna om Fitjar og fitjarbuarar. Det er eit gjennomgåande lukkeleg folkeferd som bur på Fitjar. Det var dyrka korn her for ca 7000år sia. Havnivået gjekk inn i Storavatnet tidlegare – 35m høgare enn det er i dag. Harald Hårfagre gjekk det ord, og han fekk kongsgard her på Fitjar. Han budde her i følgje soga på sine eldre dagar. Fleire andre kongar har også hatt tilknyting til Fitjar. Dei slost og styrte på, og lurte i båtane sine ute i sunda her.

Kongen vart helsa heimatt til landet i 1945. Sildakongen også har vore innom – haha.

Fitjar låg sentralt til, det var gode forhold her i alle dei år, med tanke på handel og skipsfart.
Under union med Danmark – Danmark gjorde seg sjølv til eineherskarar, noko som påverka heile Noreg. Me måtte gje ifrå oss store landområder! På 1200-talet var Noreg det største landet i Europa faktisk – men det vara ikkje. Skattepengane våre gjekk til storkarane i Danmark…

Her på Fitjar har det streifa innom både kongar, stormenn og hekser er vorte brent på bålet… markabre greier…. (det var visst lukrativt å vera spesialist i pining, då fekk du godt betalt…)

Det er forteljingar om både hungersnaud og fattigsle kår. Både her i Fitjar, men også i landet.
Kosthaldet var enkelt. Graut, velling, fisk. Likevel vart karane som veks opp staute (havrevelling, sild…).

Anbefalast å lesa i bygdebøkene. Her kan me lesa om helsemessige utfordringar, ulukker som til dømes drukning… Store barneflokkar, mange døydde relativt unge.
Uværet på havet kunne koma brått på.

Helseutfordingar… spanskesjuka… epidemiar… smittsame sjukdomar… spedalskheit… lepra… kolera…

Harde straffer før. Så vart dei mildare og deretter fall dei heilt vekk.
Han fortel om ei fattig dame, som ikkje åtte kleda ho stod og gjekk i. Alle hadde plikt til å gå i kyrkje på den tida. Du vart bøtlagd om du ikkje møtte, eller fekk ein tur i gapestokken. Plikta vart heldigvis oppheva midt på 1800talet.

Gudrund Tufteland fekk jobben som kommunesøster etter krigen. Ho reiste rundt og hjalp både store og små i kommunen. Ho måtte beint skaffa seg sykkel som transportmiddel sjølv, heilt frå Oslo. Den vart godt bruka. I all slags ver. Utstyr måtte kokast, og det var langt mellom pasientane. For ei tøff dama som farta rundt!

Fitjar Gamleheim vart bygd, og stod klart i 1922. Dei fekk byta underbukse kvar 14.dag…

Skule vart obligatorisk på slutten av 1700talet. Det vart etter kvart bygd fleire skulehus, tinghus, ny kyrkja i Fitjar.

Jordbruk – bonde og fiskarsamfunn. Gode levekår på 1800 talet grunna jordbruk og fiske, samanlikna med andre stader i landet. Husa var samla i klyngetun.

Poteter kom på begynnelsen på 1800talet. Fitjarpotet vart etterkvart eit kvalitetsprodukt på marknaden i Bergen.

Me kan konkludera med at me har det betre i dag enn då…

Takk for innhaldsrikt føredrag! Me takkar med ein blom og ei bok.

Kaffi og te vert sendt rundt bordet, og damene pakkar fram nistepakkar i allslags papir og boksar. Me syng «gledens herre».

Turkomiteen informerer om turen til hausten. Ingebjørg forklarer. Dei som vil kan få eit skriv om informasjon om dei ikkje fekk sist. Det er pr dags dato 22 påmelde. Trengs dobbelt så mange, for prisen på turen er avhengig av kor mange som vert med. Det trengs nesten full buss. Meld deg på så snart som råd er, for å vite om dei skal gå vidare i planlegginga. Turen er open for alle. Medlemmer får 500kr i avslag i pris.
Programmet er førebels, det kan koma forandring i rekkefylgjen på kva me gjer når. Hotellet kan avbestillast til dagen før ein kjem, det må meldast ifrå om til Solfrid med ein gong du finn ut at du ikkje kan vera med like vel.

Knapphus Buss; dei likar oss veldig godt sia me har nytta dei kvart år. Det kjennest nesten som familie. Anne Marie forklarer at det er ein buss med toalett. Me skal denne gongen få den beste bussen, med same sjåfør på heile turen.

Det er ikkje satt nokon endeleg freist for påmelding. Men denne kjem etter kvart.

Bygdekvinnelaget i Sandane har lyst å treffe oss når me kjem oppover.

Det er lunsjpakke med på bussen den dagen me reiser. Lurt å ta med seg niste, det vert middag på kveldinga. Det er to ferjer, men ta med ekstra mat på reisa.

Marie les referat frå sist, sia ho var referent.

LilliAnn informerer om lagssaker:

·         Frivilligsentralen har spurt om me vil vera med i vinterferien, på kulturhuset. Det vil me sjølvsagt. Me skal laga fuglemat. Kjøper inn frø og diverse gryn. Onsdag 25.februar kl 11-1330. LilliAnn, Gerd og Linn Helen kjem.

·         Distriktsårsmøte: eit par dagar etter me sa nei, kom det melding frå leiar i Stord bygdekvinnelag Astrid Larsen; dei hadde hatt møte på det og tenkt at viss me samarbeida med Stord og Huglo i midten av mars 2027 – vil me vera med? Stord er hovudarrangør, og Fitjar og Huglo (ein medl frå Fitjar og Huglo, Stord 5 stk i eit arbeidsutval). Styret er villige til å gå inn i eit slikt samarbeid. Kva seier laget? Laget er einige. Litt lite med ein frå laget vårt, spela inn at me kan vera to.

·         Mars-treff; me skal ha eit styremøte enno ang dette. Dei fleste lappane tok for seg hage! At det kan me ha noko om i mars. Kan GaleriFlora, Kine, fortelja litt om det? Evt Fitjar hageglede, Ragna Flotve? Linn Helen sender henne ei melding om ho vil snakka litt om planting, kultivering osv… evt andre frå laget.

Me rundar av med loddsal og mange spanande gåver, før me syng Fager Kveldssol Smiler,  seier takk for i kveld og alle reiser vel nøgde kvar til sitt.

Tusen takk til alle som gjorde kvelden innhaldsrik.