Hopp til hovedinnhold

Fitjar Bygdekvinnelag

Mange blide kjekke damer på tur.
Vedlageret
Bruktbutikken.
Verkstad.

Fitjar Bygdekvinnelag på tur til Lervik,og omvisning på Podlen verkstad

Tidligare i år hadde me besøk på eit medlemsmøte av Frode Helland, der han fortalte om Podlen verkstad og den flotte verna bedriften det har blitt,  Bygdekvinnene fekk då invitasjon til å komme på besøk og få omvisning på bedriften.

Mandag 9 mai 2022 var me på omvisning . Først vart me inviter inn i kantinen,( ein trivelig plass), der fekk me kaffi og gulrotkake. Frode fortalte oss om bedriften og det var veldig interessant. Det er ein fantastisk arbeidsplass dei har der.

Dei lager alt frå benker til blomsterkasser, verktøykasser.Syr gardiner. Der er eit stort vaskeri, dei var så effektive med rulling av klær og vasking i store maskiner. Det siste dei har starta opp med er Bruktbutikk, og der var det mange godbiter.

Me var 16 damer frå Fitjar den dagen, veldig fin dag og omvisning.