Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Kvinnedagen 2024

Kvinnedagen 2024

Mar
08
Fri

Kvinnedagen 2024 i Aukra

Aukra kulturhus, Wickssalen
-
Gratisarrangement

Gossen Bygdekvinnelag og Eining for innvandring og inkludering i Aukra kommune inviterer til feiring av den internasjonale kvinnedagen i Wickssalen i Aukra kulturhus fredag 8. mars kl. 18.00

BOLYST, MANGFALD OG TRIVSEL I BYGDA 

Vi kan by på eit mangfald av gjestar som vil delta på scena denne kvelden. Her får de møte kvinner som har vakse opp i Aukra og kvinner som kjem langveis frå - alle med interessante og personlege bidrag på kvinnedagen, kvar på sin måte. 



Kveldens program: 

Kvinners vilkår verda rundt: Innslag v. kvinner frå mange land 



Elin Mordal: Kvinner i ulike kulturar 

Elin Mordal



Eva Helen Rognskog: Eit levande lokalsamfunn

Eva Helen Rognskog



Paneldebatt m. innlegg fra våre lokale kvinner:

Asta Pauline Kjellnes Nilsen, Malene Lillebostad, Jannicke Hesthol Løvik, Torill Einara Nerbøvik og Hanne Cecilie Sporsheim



Ordførar Helge Kjøll 

og kommunedirektør Gerd Marit Langøy deltar også 



MUSIKK, SANG OG DANS



Sal av tapas og kaker i pausen.



Dette blir stas alt i hop, så set av fredagskvelden 8. mars til å feire kvinnedagen med oss! 

Gratis inngang!



ALLE HJARTELEG VELKOMNE!

 

Seksjoner

Plakat kvinnedagen