Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Guatemalakveld i Gossen Bygdekvinnelag

I februar 2023 var Norges Bygdekvinnelag med 11 bygdekvinner på reise i Guatemala saman med Utviklingsfondet og AMMID. Vår eiga bygdekvinne Beritine Solem var med på denne turen - ein fantastisk tur med mange opplevingar i Majaenes rike i Mellom-Amerika.

Gjennom ei interessant forteljing og flotte bilete fekk vi sjå inn i små avsideliggande og eksotiske landsbyar, og vi fekk sjå våre norske Bygdekvinner i møte med den fargerike urbefolkninga. Vi fekk og høyre Beritine fortelje om utveksling av kunnskap, etablering av tette bånd, om minne som vart skapte for livet og om håp for framtida. 

Beritine Solem fortel frå turen til Guatemala

Guatemala

Det var ei fantastisk reise med Norges Bygdekvinnelag og Ammid til Guatemala vi fekk presentert denne kvelden - både lærerikt og til ettertanke. No kjennest det fint og endå nærare å kunne få vere med og støtte dei fargerike Majakvinnene i deira arbeid for å skape eit levebrød for sine🌺🌿🌼

Ammid er ein lokal organisasjon som arbeider for å styrke kvinnegrupper i avsidesliggande landsbyar og urfolksområde.