Julehelsing fra Gossen Bygdekvinnelag
          
	Styret i Gossen Bygdkvinnelag ønsker alle ei riktig god jul og eit godt nytt år! 
	Vi takkar alle Bygdekvinnene for innsatsen, og vi takkar alle som har støtta oss og inspirert oss til å bidra til trivsel i lokalsamfunnet vårt.
	Ikkje alt blei slik vi hadde tenkt i dette annleisåret. Då gjeld det å tenke på alt det fine vi likevel fekk til og kose oss med dei gode minnene frå 2020.
	 
        

Foto: Randi Navestad
Vi ser framover og gler oss og til nytt Bygdkvinneår! No håper og trur vi det nye året blir meir slik det var før Covid 19, at vi kan møtast fritt, vere i lag som før og kanskje og få dele ein klem når vi møtest.
	Lyset kjem tilbake slik det står i diktet vi deler nokre vers frå her.
	Alt blir betre - det gler vi oss til!
Desemberdikt
	Det er no i den mørke tida
	ein hugsar og kjem på
	at lyset vil komme tilbake
	at bonden igjen skal så.
	Det er no i desember
	ein tenkjer på kvar ein står.
	Det er no i desember
	ein hugsar at det ventar ein ny vår.
	Men det er òg no ein hugsar
	at livet er så altfor kort.
	Det er no ein må prøve å hugse
	på alt ein ønskjer å få gjort.
	Det er no i desember
	ein kan sjå lette snøfnugg sveve,
	som smeltar og blir borte så lett.
	Det er no ein må hugse å leve.
Jens Haugan
God jul til alle!