Hopp til hovedinnhold

Gossen Bygdekvinnelag

Foto: Gosia Breivik

Kvinnedagen 2024 i Aukra

Bolyst, mangfald og trivsel i bygda var tema då Gossen Bygdekvinnelag og Eining for inkludering og integrering i Aukra kommune inviterte til feiring av den internasjonale kvinnedagen i Wickssalen i Aukra kulturhus fredag 8. mars

Det var stor stas då Gossen bygdekvinnelag og Eining for innvandring og integrering, Aukra kunne ønske velkomen til ein fullsatt og fint pynta festsal på Kvinnedagen 2024 i Aukra. Stas var det også at vår kjære, dansande ordførar Helge Kjøll jr. opna kveldens program med ei helsing til alle på kvinnedagen før Melina så tok oss vidare i programmet med nydeleg sang frå Kurdistan. 
OM

Foto: Helga Hjelmås

Eit mangfald av gjestar deltok på scena denne kvelden. Her fekk vi møte kvinner som har vakse opp i Aukra og kvinner som kjem langveis frå - alle med interessante og personlege bidrag på kvinnedagen, kvar på sin måte. Gjennom sine sterke historier, sang og dans gjorde våre kvinner fra andre delar av verda sterkt inntrykk på oss alle.

Afrikansk dans
Foto: Gosia Breivik

Sterkt inntrykk gjorde det også då Elin Mordal, sjukepleiar, jordmor og no høgskolelektor inntok scena for å fortelje om kvinnehelse og fødselshjelp i Etiopia. Gjennom ord og bilete sette ho ting i perspektiv for oss ved å la oss få eit innblikk i livet på ei fødestove, der ho delvis flytta inn i samband med doktorgradsarbeidet sitt. 

Om kvinners tilhøve i Etiopia
Foto: Gosia Breivik

Første del av programmet vart runda av med eit flott musikalsk innslag fra Ukraina før folk kunne strekke på beina og finne vegen til Bygdekvinnene som stod klare til å selje nydeleg mat fra festdekte bord. 

Ukrainsk sang til friskt gitarapognement
Foto: Helga Hjelmås

"Eininga" stilte med fristande småretter fra mange land laga av våre nye innbyggjarar, og Bygdekvinnene bydde også denne gongen på kaffi og nydelege kaker - eit supert samarbeid og eit godt alternativ til fredagstacoen!

Kaffi og kaker
Foto: Helga Hjelmås
Tapas
Foto: Helga Hjelmås

Etter pausen sette vi fokus på bolyst og trivsel i bygda. Først ut var kommunedirektør Gerd Marit Langøy. Kommunedirektøren orienterte om kor viktig det er å bygge ut eit attraktivt sentrum for å skape vidare utvikling. Ho tok også opp kva som er på trappene i høve til ønska bustadbygging i kommunen, og ho delte tankar og refleksjonar om korleis alle kan vere med og bygge eit god lokalsamfunn - på alle slags vis. 

Kommunedirektør Gerd Marit Langøy
Foto: Helga Hjelmås

Deretter fekk vi møte eit knippe unge kvinner frå lokalsamfunnet vårt i ein paneldebatt leia av Eva Helen Rognskog. Det vart eit flott innslag om bolyst og trivsel i bygda frå damer som har flytta tilbake hit eller som har etablert seg her etter endt utdanning. Viktig var det og at dei hadde gode idéer om ting som står på ønskelista for å vidareutvikle lokalsamfunnet vårt og gjere det til ein attraktiv plass der det er godt å bu. Viktig, også med tanke på at fleire skal få lyst til å kome tilbake og busette seg her. 

Lokale kvinner i paneldebatt
Frå venstre: Torill Einara Nerbøvik, Malene Lillebostad, Jannicke Hesthol Løvik, og Hanne Cecilie Sporsheim og Asta Pauline Kjellnes Nilsen    
Foto: Helga Hjelmås

Eva Helen har ikkje flytta heim endå, men har eit stort hjarte for heimkommunen sin og ei stor interesse for utviklinga i Aukra. "Familien Aukra" var  hennar bilete på lokalsamfunnet vårt. Står vi saman som ein stor familie kan vi få til mykje i lag! Med sitt sterke engasjement og sitt gode blikk for korleis skape utvikling i lokalsamfunnet vårt, appellerte ho nok både til den som måtte ha ein liten gründer i magen og den som gjekk heim og tenkte at her er vi alle ein del av det store fellesskapet. 

Eva Helen
Foto: Gosia Breivik

 

Familien Aukra
Foto: Helga Hjelmås

Kvinnedagen 2024 i Aukra avslutta vi med ei rose og tusen takk til alle som hadde bidratt med dei flotte innlegga på scena denne kvelden gjennom både gjennom ord, musikk og sang. Takka gjekk og til alle andre som bidrog for å få til denne feiringa - og ikkje minst stor takk til alle som kom og gjorde dette til den fantastiske kvelden det vart!

 

Avslutning
Foto: Helga Hjelmås