Hopp til hovedinnhold

Grytten Bygdekvinnelag

Salaten såg flott ut, men var dessverre overtatt av sneglar.

Salaten såg flott ut, men var dessverre overtatt av sneglar.

Tur til Avdem på Lesja

Avdemgrønt og Avdemsbue var målet torsdag 24. august.

13 interesserte damer fyllte opp bilane og køyrde sørover Romsdalen til Lesja. Sofia tok imot. Med alle utfordringane dei har hatt i vår og sommar vart vi verkeleg imponerte over at ho orka å ta imot og vise oss rundt i hage og drivhus. Å drive med grønsaker 600 meter over havet er ganske annleis enn å drive i låglandet. Denne sommaren har vertilhøva gjort det ekstra krevjande. Vi er ikkje vane med at det er så vått på Lesja - til vanleg eitt av tørraste områda i landet!

I etterkant fekk vi servert nydeleg pizza + kaffi og heimelaga tiramisu på Avdemsbue. Gode og mette gjorde vi innhogg i dei spennande varene i bua. 
Tusen takk for ein minnerik kveld til dei dyktige jentene på Avdem!