Velkomstsong v/Åsmund
Ordførar, Vera og Jostein
Inger les prologen
Bjørg fortel om laget
Anne motttar Hustavla
Festkledde bygdekvinner

Heddal Bygdekvinnelag 90 år

Jubileumsfesten 21. april

21. april - på dagen 90 år etter stifting av Heddal Bondekvinnelag, som det heitte fram til dette årtusen. Vi slo på "stortromma", og alle utanom laget som var spesielt inviterte, møtte eit feststemt lokale på Kafé Olea. Saman med medlemmer m/ledsagere var vi ca. 65 som fant plass ved veldekka bord. Åsmund Nordstoga frå Vinje song eit velkomsstev - og da var stemninga satt. Leiar Vera Tinnes Solaas kunne ønske velkommen denne vakre vårkvelden, og frå kjøkkenet blei det boren fram god, varm mat av unge elevar frå kokkelina. Dei fekk god trening den kvelden, og alt gjekk på "skinner" som det heiter. Inger Solem Sauar framførte ein særleg velskriven og fin prolog, og Bjørg Berg Sem fortalte i korte trekk om laget si historie fram til idag. Bygdekvinnelaget hadde all grunn til å takke og overrekke laget si spesielle utmerking: Hustavla, til Anne Haga Hovdejord denne kvelden, mangeårig aktiv medlem. Ei svært overraska Anne blei så rørt at ho rett og slett tok til tårene i takketalen.

Åsmund Nordstoga trollbant oss med song og forteljing om Aasmund Olavson Vinje som bare han kan det på ekte Vinjemål. Åsmund bur da også på same garden. Allsong og festtaler hører med, og først ute var sjølsagt ordføraren vår, Gry Fuglestveit, som i gode ordelag gratulerte med dagen og takka for tradisjonar som bygdekvinnelaget er kjent for å halde i hevd. NBK var representerte ved Tove Hoppestad, TBK ved Ingunn Gåsodden, bygdekvinnelaga i nabokommunane Sauherad, Bø, Tuddal og Sauland. Alle hadde med seg gode gratulasjonar og helsingar med blomar og bøker. Museumslaget, Bondelaget og Skogeigarlaget ytte også til lagskassa vår. Bygdekvinnelaget blei rett og slett berika både åndeleg og økonomisk.

Etter eit langt bordsete fekk Svein Sem høve til å takke for maten og den hyggelege festen kring bordet. Han er ein av dei få idag som minner oss om den vakre heddalsdialekten. Det er ein fryd å høre han på sitt morsmål, veltalande som han også er.

Til sist kunne Vera takke for ein vellykka kveld. Og vi andre takkar henne for den innsatsen som vi veit ligg på ein leiar ved slike høve.

Foto til artikkelen: Reidun og Ivar T. Dahl

Bli medlem